tirsdag den 13. november 2018

Kliss, klass - Kjærleikssong

For nokre år sidan skreiv eg ein tekst til eit venepar som skulle gifta seg. Ei eg kjenner laga melodi til, men melodien blei aldri framført i bryllaupet, eg las berre opp diktet. Syns i grunn melodien hennar var så fin at eg hadde lyst til å dela den med deko her. Sidan eg ikkje har spurt komponisten om lov (ho sikkert hadde sagt nei, sidan det er ei uperfekt innspeling med litt sjarmerande stopp innimellom), vel eg å seia at ho førebels er anonym. Viss ho får nok skryt, kan det jo henda ho står fram. ;) Enjoy!


torsdag den 21. juni 2018

Minnedikt og saknedikt

Ein ting eg har tenkt på lenge, er at ein del dikt/ordtak/frasar i gravferdsannonser er så velbrukte at dei nesten er oppbrukte. Så då eit gravferdsbyrå spurte meg om ein skrivejobb, spurte eg om eg kunne få senda nokre forslag til smådikt som kunne høva til slike annonser òg. Eg var litt redd for korleis det skulle bli oppfatta, om folk ville tru eg gjorde det for å framheva meg sjølv. Men sanninga er at eg har vore med i ein del ulike prosessar i etterkant av dødsfall, og veit kor mykje ein har i hovudet samstundes, kor vanskeleg det å er å ta val oppi alt, og samtidig kor viktig det kan kjennast at orda i annonsa reflekterer noko av det ein kjenner på i høve den avdøde.

Eg fekk i alle fall positivt svar, og skreiv nokre forslag, i både nynorsk- og bokmål-versjon. Dette fordi språk er ein del av identiteten til folk, og det kan kjennast meir autentisk om ein kan nytta desse versa på si eiga målform. Prøvde å skriva vers som kunne passa ved ulike høve. Det var godt å kunna bidra på denne måten til dei som er i ein sorgprosess, og eg har registrert at nokre av versa er nytta allereie. For å nå fleire med versa, legg eg alle inn under her. Vonar dei kan vera til hjelp for dei som treng det!

Alle dikt er skrive av meg, Kristin Straume Audestad, men eg treng ikkje visast til som forfattar i gravferdsannonser. Evt berre med initialane KSA. Nyttar du dikta i andre høve, er det fint om du viser til meg som opphavsdame.

NYNORSK


Du var oss så god
og så inderleg kjær
No sørgjer me stilt
for du er ikkje her

Varmen og minna
dei gøymer me på
når me vidare
utan di hand no må gå

Takk for din klokskap
din kjærleik, din stil
Me ber deg i hjartet
med tårer og smil

Takk for din klokskap
din kjærleik, ditt smil
Me unner deg fred
og ein smertefri kvil

Det var ikkje slik
dette her skulle skje
Du reiste for brått
og tok hjartet mitt med

Ikkje ver redd
me skal klara oss me
Du har gjeve oss alt
og me unner deg fred

To arbeidsnevar kviler
over hjartet varmt og snilt
Me minnast deg med takksemd
medan tårene renn stilt

I skogen er det stille
og vatnet ligg i ro
Der speglar seg ein himmel
som gjev oss trøysta god

Det er så stilt i godstolen
din kaffikopp er tom
Men framleis kjennest
kjærleiken som var i desse rom

Det gjev ikkje meining
me finn ikkje ro
Me saknar deg sårt
du var snill, varm og god

Du var ei kjær brikke
i vårt puslespel
som no og for alltid
vil mangla ein del

Me lever i von
om at me ser deg att
at himmelen vernar
vår kjæraste skatt

Du levde til fulle
du gav av deg sjølv
og sydde oss saman
med trådar av sølv

Me huskar ditt blikk
som sa meir enn ord
kor høgt me var elska
Takk for alt, snille mor!

Me vil kanskje aldri
fullt ut forstå
dei vala du tok
som gjor` himmelen grå
Men me elskar deg framleis
du høyrde oss til
Me saknar deg høgt
du var hjelpsam og snill

Tårer med salt i
dei væter vårt kinn
medan du, kjære ven
for godt flyttar inn
i hjartene våre
der skal du bu no
med minne og kjærleik
som framleis vil gro

BOKMÅL

Du var oss så god
og så inderlig kjær
Nå sørger vi stille
du er ikke her

Varmen og minnene
gjemmer vi på
når vi videre
uten din hånd nå må gå

Takk for din kjærlighet
klokskap og stil
Vi minnes deg både
med tårer og smil

Takk for din kjærlighet
klokskap og smil
Vi unner deg fred
og en smertefri hvil

Det var ikke slik
dette her skulle skje
Du reiste for fort
og tok hjertet mitt med

Ikke vær redd
vi skal klare oss vi
Du har gitt oss alt
og nå er du fri

To arbeidshender hviler
over hjertet varmt og godt
Vi minnes deg med glede
takk for alt som vi har fått

I skogen er det stille
over vannet er det ro
Der speiler seg en himmel
som gir oss trøst så god

Kun stillhet der i godstolen
din kaffikopp er tom
Men ennå kjennes
kjærligheten sterkt i disse rom

Det gir ikke mening
vi finner ei ro
Vi savner deg sårt
du var snill, varm og god

Du var en kjær brikke
i vårt puslespill
Det blir aldri mer helt
vi sårt savne deg vil

Vi lever i håpet
om å se deg igjen
at himmelen verner
vår kjæreste venn

Du levde til fulle
du ga av deg selv
for familie, venner
fra morgen til kveld

Vi husker ditt blikk
som sa mer enn ord
hvor høyt vi var elsket
Takk for alt, snille mor!

Vi vil kanskje aldri
fullt ut forstå
noen valg som du tok
gjorde himmelen grå
Men vi elsker deg fortsatt
du hører oss til
Vi savner deg høyt
du var hjelpsom og snill

Tårer med salt i
de vasker vårt kinn
mens du, kjære venn
for godt flytter inn
i hjertene våre
der skal du nå bo
med kjærlighet, minner
som fortsatt vil gro

mandag den 28. august 2017

Sånt e venna te

I fjor skreiv eg min eigen tekst til songen "That`s what friends are for" av Burt Bacharach og Carole Sager (mest kjent framført av Dionne Warwick). I dag fekk eg lyst til å spela den inn, og tileigna den mine gode venninner som eg sjeldan ser ;)  Eg kan seia mykje som blei feil i innspelinga denne gongen òg, song blant anna feil tekst nokre gongar, men trur det blei så bra det kunne bli med tanke på kva "artist" det er snakk om. Håpar de får noko ut av den likevel. Ha ei fin veke!



SÅNT E VENNA TE

hei du
da e lenge sio me  
har prata djupt og drukke te
men eg trur fortsatt at me e
ganske trygge på kverandre

du veit
ka so røre seg i meg
og eg trur eg kjenne deg
so godt at når me endeleg  
e åleina uten andre

kan smila, kan kvila
veta at me vil kverandre godt, og le
sånt e venna te!
og grina og skina
opna oss og vera slek me e
sånt e venna te!

for eg
kan kje alltid slappa av
da e so grådig mange krav
og mykje stress og mas og kav
da e ikkje alt eg greie

og du
har òg mykje du sku gjort
viss verden snurre litt for fort
so veit du kor du finn min port
og so kan me, slek me pleie

få smila, få kvila
veta at me vil kverandre godt, og le
sånt e venna te!
og grina og skina
opna oss og vera slek me e
sånt e venna te
  

tirsdag den 25. juli 2017

Eg ska ve` stor for deg


Eg har alltid likt songen "Tusen små lanterner" av Morten Harket (er i alle fall han som syng den på youtube). Har skrive fleire ulike tekstar til den, og for ein månad sidan skreiv eg ein tekst om kjærleik til melodien. Etter å ha konferert med fleire om eg dummar meg ut om eg legg den ut her, tar eg ein sjans og gjer det. Er fullt klar over at innspelinga ikkje er perfekt, verken "studiomessig", stemmemessig eller gitarmessig, men autentisk er den i alle fall... Og så håpar eg at nokon kanskje kjenner seg litt att, eller kan få noko ut av den. Det er liksom målet mitt med å hiva den ut, ikkje for at eg innbiller meg at dette vert årets haust-hit. Under kjem teksten, eg skreiv på dialekt for det kjendest mest naturleg ut å syngja. (Eit ord feil i tittelen på videoen, men meininga vert jo den samme)

Eg ska ve` stor for deg


Dei dreg i deg frå alle kanta
Du må gjera sånn og sånn og slek
Forkledd i mange varianta
Forventninga so nattesøvnen tek

Men e du trøtt og sliten
Legg deg tett inn te meg
Hjå meg kan du ve liten
Eg ska ve stor for deg

Du må  ikkje vera pysa
Mann deg opp og ta deg sammen no
Du ska kje tvila elle frysa
Vera stor og sterk og flink og god

Men e du trøtt og sliten
Legg deg tett inn te meg
Hjå meg kan du ve liten
Eg ska ve stor for deg

Stille prøve eg å visa
Du e god nok, du e best for meg
Du treng kje jaga ette prisa
Eg har fått den støste, da e deg

Og e du trøtt og sliten
Legg deg tett inn te meg
Hjå meg kan du ve liten
Eg ska ve stor for deg

Ein dag e da eg so stresse
Da e mykje som eg ikkje kan
Nåke tungt på ryggen presse
Klare ikkje heilt å finna land

Når eg e trøtt og sliten
legg eg meg inn te deg
Hjå deg kan eg ve liten
Du kan ve stor fø meg

tirsdag den 4. juli 2017

Utan eit ord

Melodi: "When you say nothing at all" - Ronan Keating

Tenk at du snakke rett inn te hjerta i kveld
Og du bruke `kje ord, men sprer lys likavel
Kroppen din danse og munnen din ler
og eg skjønne og høyre og ser

Ditt heilhjerta smil
vise meg at du treng meg
og ditt ærlege blikk sei at du
veit eg treng deg
Med din arm rundt halsen blir hjerta mitt aldri kaldt
Uten eit ord, so kan du faktisk sei alt

Dagen drukne i prating og alvor og støy
men med deg blir da vekke, og livet blir gøy
Andre kan vera so blinde dei e
for kor spennande livet kan ve

Ditt heilhjerta smil
vise meg at du treng meg
og ditt ærlege blikk sei at du
veit eg treng deg
Med din arm rundt halsen blir hjerta mitt aldri kaldt
Uten eit ord, so kan du faktisk sei alt

Ditt heilhjerta smil
vise meg at du treng meg
og ditt ærlege blikk sei at du
veit eg treng deg
Med din arm rundt halsen blir hjerta mitt aldri kaldt
Uten eit ord, so kan du faktisk sei alt

Ditt heilhjerta smil
Ditt ærlege blikk
Din arm rundt min hals
vise meg at du treng meg


Uten eit ord, so kan du faktisk sei alt

-------

Dette er mi veldig frie omsetjing av "When you say nothing at all", ein originalsong som eg synest er nydeleg, og som har eit godt poeng som eg av og til treng høyra sjølv. For eg er ein "pratar", og kan av og til henga meg for mykje opp i at ting skal seiast. Men ikkje alt treng å bli sagt, og nokon gongar er det faktisk finast å kommunisera utan ord. Eg lagde ei innspeling. Eg kan seie mykje som eg syntest blei feil med framføringa, men viss ikkje eg seier det, er det jo ikkje sikkert at alle legg merke til det ;)




søndag den 16. april 2017

Dikt til ei - og kanskje fleire?

Her er eit dikt eg har skrive til ei god dame. Eg kan relatera meg til det sjølv òg, men det er altså tileigna nokon andre. Likevel deler eg det her, for kanskje fleire treng å lesa det? De får ta det til deko de som kjenner deko truffe :)  God påske - litt til!

Kan nokon koma hit og
gje meg varmt ein klem i kveld
eg fortener den nok ikkje
men treng den likevel
inni meg så bankar det
eit håp om varm aksept
om ubetinga kjærleik
som finst på blå resept

Det er så vondt å kjenna på
å aldri strekkja til
det er så mykje som eg må
og som eg gjerne vil
draumane eg ber i meg
dei stuar eg fort bort
det er så mykje anna
som eg heller burde gjort

Då syng det djupt i meg
av ei stemme som er klår
Han seier at Han elskar meg
av Han eg klemmen får
for Han så er eg god nok
for Han så vart eg til
for Han så kan eg smila
og stemma hans er mild

Han seier at nett slik eg er
var slik eg skulle vera
at eg kan leggja alt på Han
Han vil meg alltid bera
i storm og stilla er han med
og ynskjer meg alt godt
i Han så kan eg takka
for det gode eg har fått

For å elska nesten min
så må eg elska meg
endå om eg kjenner
at det er så vanskeleg
Han vatnar meg med draumar
og ei trygg og kjærleg tru
på at eg er god nok slik eg er
eg treng `kje snu

Når Han er med meg
har eg målet lyst og klart i sikte
på vegen mot det gode
så vil Han meg aldri svikte
om det er tøft og vanskeleg
så kvilar eg i det
at Han meg alltid elskar
Han vil mot og kjærleik gje

mandag den 10. april 2017

Irriterande folk

Om eg spør kven du synest er irriterande folk
er det mogleg du nemner til dømes
folk som skryt
folk som klagar på alt
folk som tek avstand
eller folk som snakkar og snakkar

Men

Folk som skryt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei kjenner seg ekstra små
og trur orda gjer dei større?
Eller kanskje dei trur at det er alt dei har
og kan som gjev dei verdi?

Folk som klagar på alt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje det er ved å engasjera seg
dei held seg flytande?
Eller kanskje dei prøver å få merksemda
vekk frå sine eigne feil?

Folk som tek avstand
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei tek avstand for å sleppa
kjensla av at andre tek avstand?
Eller kanskje dei er redde for
å bli avslørt om nokon tek kontakt?

Folk som snakkar og snakkar
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei eigentleg ikkje
har nokon å snakka med?
Eller kanskje det er slik
dei kjenner seg sett?

Eg synest i grunn dei mest irriterande folka
er dei som ikkje klarar å sjå forbi
det som er irriterande med andre
i staden for å gje dei ei sjanse
til å visa kven dei
eigentleg er


Det er av og til litt for lett å døma folk som ein synest har eigenskapar som er litt irriterande. Eg har nok gått i fella sjølv òg. Men ein går ofte glipp av noko då, trur eg. Om ein tek avstand frå nokon ein ikkje heilt forstår, får ein ikkje ein sjanse til å bli kjend med dei. Og det å bli avvist er ikkje noko god kjensle. Spesielt om ein kjenner på at det er sin eigen personlegdom eller usikkerheit som er grunnen til at andre tek avstand. Det beste er å prøva å ta folk slik dei er. Forhalda seg til alle. 

Eg seier ikkje at ein må bli bestevenar med alle, men alle fortener å bli sett og høyrt, og at folk prøver å forstå dei. Eg trur det er eit sterkt behov hjå ganske mange, det å bli forstått. Det kjenner eg i alle fall på sjølv. Og om ein sjølv ynskjer at folk skal forstå ein, bør ein nesten gjera det same med andre. Eg trur eg sjølv kan vera ganske irriterande når eg prøver å forklara korleis eg tenkjer, til nokon som absolutt ikkje tenkjer likt som meg, og ikkje skjønar kvifor eg heng meg opp i det og det. Kanskje eg neste gong heller skal prøva litt meir å forstå korleis den andre tenkjer... 

Eller kanskje det ikkje er forståing som er stikkordet, men det å godta. At ein aksepterer at me menneske er ulike, at ein ikkje alltid forstår kvarandre, men at det likevel ikkje bør hindra ein i å kunna prata ilag eller forhalda seg til kvarandre. Det at ein ikkje forstår kvarandre bør ikkje gjera at ein føler seg meir eller mindre verdifulle enn dei ein har rundt seg. Alle har gode og dårlege sider, men om ein heile tida fokuserer på dei dårlege, blir ein kanskje litt for blind for dei gode sidene. Det gjeldt forresten når ein ser på seg sjølv òg. Kanskje fleire bør gjera som minstejenta mi som sa her ein kveld ho la seg : "Eg har alle i heile verden i hjerta mitt. Eg har Gud i hjerta mitt. Eg har meg sjøl i hjerta mitt". Så sovna ho med eit smil. Nesten. (Skal ikkje lata som at alt er idyll, ho låg nok og babla ein halvtime til før ho kubba...)