torsdag den 21. juni 2018

Minnedikt og saknedikt

Ein ting eg har tenkt på lenge, er at ein del dikt/ordtak/frasar i gravferdsannonser er så velbrukte at dei nesten er oppbrukte. Så då eit gravferdsbyrå spurte meg om ein skrivejobb, spurte eg om eg kunne få senda nokre forslag til smådikt som kunne høva til slike annonser òg. Eg var litt redd for korleis det skulle bli oppfatta, om folk ville tru eg gjorde det for å framheva meg sjølv. Men sanninga er at eg har vore med i ein del ulike prosessar i etterkant av dødsfall, og veit kor mykje ein har i hovudet samstundes, kor vanskeleg det å er å ta val oppi alt, og samtidig kor viktig det kan kjennast at orda i annonsa reflekterer noko av det ein kjenner på i høve den avdøde.

Eg fekk i alle fall positivt svar, og skreiv nokre forslag, i både nynorsk- og bokmål-versjon. Dette fordi språk er ein del av identiteten til folk, og det kan kjennast meir autentisk om ein kan nytta desse versa på si eiga målform. Prøvde å skriva vers som kunne passa ved ulike høve. Det var godt å kunna bidra på denne måten til dei som er i ein sorgprosess, og eg har registrert at nokre av versa er nytta allereie. For å nå fleire med versa, legg eg alle inn under her. Vonar dei kan vera til hjelp for dei som treng det!

Alle dikt er skrive av meg, Kristin Straume Audestad, men eg treng ikkje visast til som forfattar i gravferdsannonser. Evt berre med initialane KSA. Nyttar du dikta i andre høve, er det fint om du viser til meg som opphavsdame.

NYNORSK


Du var oss så god
og så inderleg kjær
No sørgjer me stilt
for du er ikkje her

Varmen og minna
dei gøymer me på
når me vidare
utan di hand no må gå

Takk for din klokskap
din kjærleik, din stil
Me ber deg i hjartet
med tårer og smil

Takk for din klokskap
din kjærleik, ditt smil
Me unner deg fred
og ein smertefri kvil

Det var ikkje slik
dette her skulle skje
Du reiste for brått
og tok hjartet mitt med

Ikkje ver redd
me skal klara oss me
Du har gjeve oss alt
og me unner deg fred

To arbeidsnevar kviler
over hjartet varmt og snilt
Me minnast deg med takksemd
medan tårene renn stilt

I skogen er det stille
og vatnet ligg i ro
Der speglar seg ein himmel
som gjev oss trøysta god

Det er så stilt i godstolen
din kaffikopp er tom
Men framleis kjennest
kjærleiken som var i desse rom

Det gjev ikkje meining
me finn ikkje ro
Me saknar deg sårt
du var snill, varm og god

Du var ei kjær brikke
i vårt puslespel
som no og for alltid
vil mangla ein del

Me lever i von
om at me ser deg att
at himmelen vernar
vår kjæraste skatt

Du levde til fulle
du gav av deg sjølv
og sydde oss saman
med trådar av sølv

Me huskar ditt blikk
som sa meir enn ord
kor høgt me var elska
Takk for alt, snille mor!

Me vil kanskje aldri
fullt ut forstå
dei vala du tok
som gjor` himmelen grå
Men me elskar deg framleis
du høyrde oss til
Me saknar deg høgt
du var hjelpsam og snill

Tårer med salt i
dei væter vårt kinn
medan du, kjære ven
for godt flyttar inn
i hjartene våre
der skal du bu no
med minne og kjærleik
som framleis vil gro

BOKMÅL

Du var oss så god
og så inderlig kjær
Nå sørger vi stille
du er ikke her

Varmen og minnene
gjemmer vi på
når vi videre
uten din hånd nå må gå

Takk for din kjærlighet
klokskap og stil
Vi minnes deg både
med tårer og smil

Takk for din kjærlighet
klokskap og smil
Vi unner deg fred
og en smertefri hvil

Det var ikke slik
dette her skulle skje
Du reiste for fort
og tok hjertet mitt med

Ikke vær redd
vi skal klare oss vi
Du har gitt oss alt
og nå er du fri

To arbeidshender hviler
over hjertet varmt og godt
Vi minnes deg med glede
takk for alt som vi har fått

I skogen er det stille
over vannet er det ro
Der speiler seg en himmel
som gir oss trøst så god

Kun stillhet der i godstolen
din kaffikopp er tom
Men ennå kjennes
kjærligheten sterkt i disse rom

Det gir ikke mening
vi finner ei ro
Vi savner deg sårt
du var snill, varm og god

Du var en kjær brikke
i vårt puslespill
Det blir aldri mer helt
vi sårt savne deg vil

Vi lever i håpet
om å se deg igjen
at himmelen verner
vår kjæreste venn

Du levde til fulle
du ga av deg selv
for familie, venner
fra morgen til kveld

Vi husker ditt blikk
som sa mer enn ord
hvor høyt vi var elsket
Takk for alt, snille mor!

Vi vil kanskje aldri
fullt ut forstå
noen valg som du tok
gjorde himmelen grå
Men vi elsker deg fortsatt
du hører oss til
Vi savner deg høyt
du var hjelpsom og snill

Tårer med salt i
de vasker vårt kinn
mens du, kjære venn
for godt flytter inn
i hjertene våre
der skal du nå bo
med kjærlighet, minner
som fortsatt vil gro

2 kommentarer:

  1. Du skriv så nydeleg om alle livets faser.
    Akkurat no kunne eg tenkt meg å finne ut om du har skrive noko
    om ønsket om at ein nær person skal bli frisk.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlet
    Svar
    1. Hei! Og takk! <3 Eg leita gjennom gamle diktbloggen min, og det næraste eg kom var dette:

      sjuk

      ordet som får
      pulsen til å rasa
      medan tårene sprett
      og framtida raknar

      kroppen invadert
      av eit vondarta
      framandlegeme
      som tek kontrollen

      du synk og synk
      før du kjenner ei hand
      som knip trygt og hardt
      og ser opp på auge med håp

      ikkje slik du tenkte
      tilbringa dagane framover
      men det blir ikkje for alltid
      for denne kampen klarar du!

      og etterpå kjem vissa
      om at livet er dyrebart
      du nyt kvar dag og drope
      i takksemd for det andre ordet

      frisk

      Slet