onsdag den 21. november 2018

Poesi søkjer melodi

Eg har alltid vore glad i å skriva tekstar på rim. Samstundes har eg likt å skriva tekstar med ein funksjon, tekstar som kan brukast til noko. Det har samla seg opp ein del tekstar som eg har tenkt eignar seg som songar (med ulike tema, ikkje alle handlar om meg). Problemet er at eg ikkje er noko god til å laga melodi... Har lurt på om nokon kunne vore interesssert i å laga melodi til, og no fann eg ut at eg like godt hiv nokre av dei ut her, så kven som helst kan laga melodi om dei vil.. ;)

(Sånn om det er aktuelt med noko utgjeving eller kommersielle greier, reknar eg sjølvsagt med å stå som tekstforfattar, men dette er ikkje for å tena pengar, berre for å finna ut om desse tekstane kan brukast til meir enn å ligga på ein harddisk. Nokre av dei er fyrst publiserte på gamlebloggen min.)


KAN EG FÅ LÅNA

Kan eg få låna gensar`n din i kveld?
Den er for stor, men passar likevel
For når eg smyg meg inni den, så vert eg varm
Og kjenner framleis pulsen frå din arm

Det er så godt å vera nær ved deg
men kan du ikkje vera her med meg
så er det godt at noko som er ditt
kan varma både meg og hjartet mitt

Kan eg få låna hua di i kveld?
Den luktar både deg og sjø og fjell
For når eg dreg den ned på øyrene sånn her
Så føler eg at du er ganske nær

Det er så godt å vera nær ved deg
men kan du ikkje vera her med meg
så er det godt at noko som er ditt
kan varma både meg og hjartet mitt

Kan eg få låna hjartet ditt i kveld?
Mitt eige vinglar som ein karusell
Men om eg lånar hjartet ditt, så vert eg trygg
Det kjennest som du ligg her bak min rygg

Det er så godt å vera nær ved deg
men kan du ikkje vera her med meg
så er det godt at noko som er ditt
kan varma både meg og hjartet mitt


EIN ANNAN TEORI

tunga mi er halvvegs lam
kragen min er altfor stram
handflata er kald og klam
alle messar :  opp og fram
i meg syng ein melodi
om ein annan teori

i opninga i skogen
av krokefurutre
ligg vatnet som ein spegel
og skogen angar fred
på bålet som eg lagar
av bleik og gamal ved
der putrar kaffekjelen
eg kjenner noko skje

tunga mi er halvvegs lam
kragen min er altfor stram
handflata er kald og klam
alle messar :  opp og fram
i meg syng ein melodi
om ein annan teori

ved steinstranda i fjøra
der sit eg heilt i ro
ser bølgjedansen virvla
når måsar varslar flo
det trygge bølgjesuset
er inni meg òg no
den vesle tankespira
får næring og kan gro

tunga mi er halvvegs lam
kragen min er altfor stram
handflata er kald og klam
alle messar :  opp og fram
i meg syng ein melodi
om ein annan teori

på snaufjellet i sola
eg pustar roleg inn
let lyng og turre grasstrå
få friska opp mitt sinn
dei himmelblåe vatna
med krus av haustleg vind
er ramma inn av fargar
det her er staden min

eg skal ikkje opp og fram
eg er ikkje lenger lam
eg vil berre vera her
kjenna at eg lever, er
sansa det me lever i
tenkja, takka, vera fri



TÅRENE
har kjent at det byggjer seg opp ein flaum
og ventar no på at dei kjem i ein straum
som bløyter mitt kinn og saltar min munn
tårer som fløymer fram  heilt utan grunn

grunnen finst kanskje ein stad inni meg
eit undertrykt sakn som forsvann langs ein veg
eit glimt av eit håp som heilt plutseleg brast
ei hand som eg glapp då eg sku` halde fast

den dagen det absolutt ikkje sku` skje
i tårer og sjølvmedynk grev eg meg ned
eg slit med å finna ei meining med alt
og nedover nakken så isnar det kaldt

grunnen finst kanskje ein stad inni meg
eit undertrykt sakn som forsvann langs ein veg
eit glimt av eit håp som heilt plutseleg brast
ei hand som eg glapp då eg sku` halde fast

men så er det slutt, like brått som dei kom
så vender jo tårene stillferdig om
hovudet dunkar og kroppen er rar
mens eg funderer på kva det der var

grunnen finst kanskje ein stad inni meg
eit undertrykt sakn som forsvann langs ein veg
eit glimt av eit håp som heilt plutseleg brast
ei hand som eg glapp då eg sku` halde fast




EIT SEKUND

Eit sekund skal eg klara
Der gjekk det forbi
Eg lever då framleis
- om kampen er stri

 Eit minutt skal eg klara
om enn det er langt
så pustar eg sjølv om
det kjennest litt trangt

Det skulle ikkje skje
ikkje her, og ikkje me
Det skulle ikkje skje
Men så berre skjedde det

Eit kvarter skal eg klara
Bør eta litt no
Men all mat er smaklaus
og slett ikkje god

Ein time heldt hardt
men det får berre gå
Eg kan ikkje sitja
går til og i frå

Det skulle ikkje skje
ikkje her, og ikkje me
Det skulle ikkje skje
Men så berre skjedde det

Ein dag må eg klara
Eit liv? Ikkje spør
Eg veit berre at
ingenting blir som før

Det skulle ikkje skje
ikkje her, og ikkje me
Det skulle ikkje skje
Men så berre skjedde det



OM BERRE
(Her har eg ikkje valt ut noko refreng, men fyrste vers kan funka som det, og nokre vers kan kuttast)

Om berre eg gav deg ein ekstra klem
og fekk deg av garde litt før
Om berre eg ana at faren var nær
og verna deg trygt bak vår dør
Så ville slett ikkje det vonde ha hendt
Så ville `kje verda gått sund
Eg saknar deg, ynskjer du framleis var her
om enn for ei ørlita stund

Om berre eg lytta til det som du sa
og skjøna kva ord som låg bak
Om berre eg visste, og våga å sjå
at stemma di brått verka spak
så kunne eg spurt deg, og kanskje fått svar
og tilbydd å hjelpa med alt
I all`fall få gjeve deg trøyst og ein klem
og håp når det verkeleg gjaldt

Om berre me visste – men det går `kje an
å sjå inn i framtida vår
Likevel syns` eg eg burde ha sett det
og sikra deg dagar og år
Så høyrer eg stemma, så roleg og varm
seia gode og trøystande ord
Eg visste slett ikkje, eg skulle `kje det
for slik er det her på vår jord

Me vert fødde, me lever i kjærleik ilag
fram til det er vår tur å gå
uansett korleis og kvifor det hender
om døden er sein eller brå
så kan ein `kje ana når ulykker skjer
og sjukdom i hovud og kropp
kjem snikande, er ofte harde å sjå
heilt til det brått seier stopp

Og når det har hendt, når han ikkje meir er
her saman med oss slik han var
og me saknar han slik, og undrar sånn på
kvifor ikkje me såg kvar det bar
Sin kjærleik han sender frå der som han er
og ynskjer oss berre alt godt
For han må me reisa oss opp att igjen
og gle oss for det me har fått


DU E` HER 

(Ja, denne er på dialekt...) 

Trudde at eg skulle bli
Åleina her i stova mi
Trudde ingen ville vera her
Men so banka nåken på
Kunne ikkje heilt forstå
Du kom inn og ville vera nær

Du som står når andre stikk
Du som møte mine blikk
Du som tåle mine ord
Du som takle mine klor
Du e her, du e nær

Eg e aller flinkast te
Å grava meg i mørket ned
Trudde ikkje nåken brydde seg
Men so slo du lyset på
Plutselig eg kunne sjå
Og såg rett i augene på deg

Du som står når andre stikk
Du som møte mine blikk
Du som tåle mine ord
Du som takle mine klor
Du e her, du e nær

Framleis kan eg ikkje tru
At detta mørket kunne snu
At du kunne lika heile meg
Men no legg eg hjerta mitt
Stille oppi fanget ditt
Eg trur ikkje lenger at du dreg


Du som står når andre stikk
Du som møte mine blikk
Du som tåle mine ord
Du som takle mine klor
Du e her, du e nær


Ingen kommentarer:

Send en kommentar