Eg fekk i alle fall positivt svar, og skreiv nokre forslag, i både nynorsk- og bokmål-versjon. Dette fordi språk er ein del av identiteten til folk, og det kan kjennast meir autentisk om ein kan nytta desse versa på si eiga målform. Prøvde å skriva vers som kunne passa ved ulike høve. Det var godt å kunna bidra på denne måten til dei som er i ein sorgprosess, og eg har registrert at nokre av versa er nytta allereie. For å nå fleire med versa, legg eg alle inn under her. Vonar dei kan vera til hjelp for dei som treng det!
Alle dikt er skrive av meg, Kristin Straume Audestad, men eg treng ikkje visast til som forfattar i gravferdsannonser. Evt berre med initialane KSA. Nyttar du dikta i andre høve, er det fint om du viser til meg som opphavsdame.
NYNORSK
Du var oss så god
og så inderleg kjær
No sørgjer me stilt
for du er ikkje her
Varmen og minna
dei gøymer me på
når me vidare
utan di hand no må gå
Takk for din klokskap
din kjærleik, din stil
Me ber deg i hjartet
med tårer og smil
Takk for din klokskap
din kjærleik, ditt
smil
Me unner deg fred
og ein smertefri kvil
Det var ikkje slik
dette her skulle skje
Du reiste for brått
og tok hjartet mitt
med
Ikkje ver redd
me skal klara oss me
Du har gjeve oss alt
og me unner deg fred
To arbeidsnevar kviler
over hjartet varmt og
snilt
Me minnast deg med
takksemd
medan tårene renn
stilt
I skogen er det stille
og vatnet ligg i ro
Der speglar seg ein
himmel
som gjev oss trøysta
god
Det er så stilt i godstolen
din kaffikopp er tom
Men framleis kjennest
kjærleiken som var i
desse rom
Det gjev ikkje meining
me finn ikkje ro
Me saknar deg sårt
du var snill, varm og
god
Du var ei kjær brikke
i vårt puslespel
som no og for alltid
vil mangla ein del
Me lever i von
om at me ser deg att
at himmelen vernar
vår kjæraste skatt
Du levde til fulle
du gav av deg sjølv
og sydde oss saman
med trådar av sølv
Me huskar ditt blikk
som sa meir enn ord
kor høgt me var elska
Takk for alt, snille
mor!
Me vil kanskje aldri
fullt ut forstå
dei vala du tok
som gjor` himmelen grå
Men me elskar deg
framleis
du høyrde oss til
Me saknar deg høgt
du var hjelpsam og
snill
Tårer med salt i
dei væter vårt kinn
medan du, kjære ven
for godt flyttar inn
i hjartene våre
der skal du bu no
med minne og kjærleik
som framleis vil gro
BOKMÅL
Du var oss så god
og så inderlig kjær
Nå sørger vi stille
du er ikke her
Varmen og minnene
gjemmer vi på
når vi videre
uten din hånd nå må gå
Takk for din kjærlighet
klokskap og stil
Vi minnes deg både
med tårer og smil
Takk for din kjærlighet
klokskap og smil
Vi unner deg fred
og en smertefri hvil
Det var ikke slik
dette her skulle skje
Du reiste for fort
og tok hjertet mitt med
Ikke vær redd
vi skal klare oss vi
Du har gitt oss alt
og nå er du fri
To arbeidshender hviler
over hjertet varmt og godt
Vi minnes deg med glede
takk for alt som vi har fått
I skogen er det stille
over vannet er det ro
Der speiler seg en himmel
som gir oss trøst så god
Kun stillhet der i godstolen
din kaffikopp er tom
Men ennå kjennes
kjærligheten sterkt i disse rom
Det gir ikke mening
vi finner ei ro
Vi savner deg sårt
du var snill, varm og god
Du var en kjær brikke
i vårt puslespill
Det blir aldri mer helt
vi sårt savne deg vil
Vi lever i håpet
om å se deg igjen
at himmelen verner
vår kjæreste venn
Du levde til fulle
du ga av deg selv
for familie, venner
fra morgen til kveld
Vi husker ditt blikk
som sa mer enn ord
hvor høyt vi var elsket
Takk for alt, snille
mor!
Vi vil kanskje aldri
fullt ut forstå
noen valg som du tok
gjorde himmelen grå
Men vi elsker deg fortsatt
du hører oss til
Vi savner deg høyt
du var hjelpsom og snill
Tårer med salt i
de vasker vårt kinn
mens du, kjære venn
for godt flytter inn
i hjertene våre
der skal du nå bo
med kjærlighet, minner
som fortsatt vil gro
Du skriv så nydeleg om alle livets faser.
SvarSletAkkurat no kunne eg tenkt meg å finne ut om du har skrive noko
om ønsket om at ein nær person skal bli frisk.
Klem frå Anne-Mari
Hei! Og takk! <3 Eg leita gjennom gamle diktbloggen min, og det næraste eg kom var dette:
Sletsjuk
ordet som får
pulsen til å rasa
medan tårene sprett
og framtida raknar
kroppen invadert
av eit vondarta
framandlegeme
som tek kontrollen
du synk og synk
før du kjenner ei hand
som knip trygt og hardt
og ser opp på auge med håp
ikkje slik du tenkte
tilbringa dagane framover
men det blir ikkje for alltid
for denne kampen klarar du!
og etterpå kjem vissa
om at livet er dyrebart
du nyt kvar dag og drope
i takksemd for det andre ordet
frisk
Hei. Eg brukte dette diktet i eit blogginnlegg sist sommar. Me hadde håpet lenge om at mor til to av barneborna våre, 18 år og 14 år skulle bli frisk av den fæle kreftsjukdomen. I dag sovna ho inn. Ei stor sorg tynger. 43 år er for kort ltid å leve.
SvarSletDet er så vanskeleg å finne ord. Tenk om eg kan få bruke eit dikt frå deg igjen ?
Har du noko som eg kan bruke i bloggen min så vil eg vere takksam.
Eg henvise sjølvsagt til deg.
Klem frå Anne-Mari