onsdag den 29. marts 2017

Snill mamma

-Av og til skulle eg ynskja at eg hadde ei mamma som var endå snillare enn deg, seier guten på sju. Eg kjenner det stikk, sjølvsagt, og lurar på kva han meiner. Ei mamma som aldri kjefta, og alltid var blid, og alltid gav han lov til alt han ville. Det er det han meiner. Det må vera ei snill mamma, det!

Tjaaa, seier eg, og drar litt på det. Ei mamma som sa det var heilt greitt at du sprang rundt ute i berre shorts midt på vinteren? Ei mamma som aldri sa nei når du heldt på å gjera noko farleg i trafikken, og sendte deg av garde utan refleks når det var heilt mørkt, berre fordi du ikkje ville ha det? Ei mamma som sa det var heilt greitt at du berre åt snop til frukost og middag og kvelds, i staden for mat som kroppen din treng?  Var det ei slik mamma du ville hatt?

Han ser på meg med store auge, faktisk. Han vil ikkje ha ei mamma som ikkje bryr seg om han blir sjuk, seier han. Han vil jo ha ei mamma som er glad i han! Inni meg jublar eg, wohoo, han skjønte poenget mitt!  Utanpå berre smilar eg og klemmer han.

Oppdraging er vanskelege greier, det er mange feller å gå i, og det er mange som meiner mykje om det, spesielt dei som ikkje har ungar sjølv… Både når det gjeld mat, leggetider og kva som skal aksepterast og ikkje aksepterast. Det er i alle fall semje om at ein må vera konsekvent, og stå for det ein har sagt til bornet!

Problemet er at dette er noko ein er oppi konstant. Hadde det vore ein jobb som ein hoppa inn i og ut av, og kunne ta ferie eller sjukedagar frå, hadde det vore annleis. Men det er stort sett alltid ei eller anna problemstilling, ofte mange, knytta til borna. Nokon et for mykje, andre for lite, nokon har sterke meiningar om kva klede dei skal ha på, og nokon vil ikkje ha på klede i heile tatt... Nokon sovnar på eit blunk, og nokon brukar lenger tid og vil ha foreldra der. Nokon vil aldri dela leikane sine med andre, og nokon godtar at andre born drar leikane ut frå hendene deira utan å gjere ei mine.

Det er i grunn stor skilnad på foreldra òg. Nokon er tålmodige, nokon er rastlause, nokon er trygge på seg sjølv, nokon er usikre og trur at alle andre får til det ein sjølv ikkje klarar, nokon har mykje energi, nokon manglar energi, nokon har eit stort nettverk, nokon kjenner seg ganske åleine. Nokon er pysete og overbeskyttande, nokon likar å gje borna utfordringar. Og kven ein sjølv er i dette landskapet, svingar med dagsform og søvn og andre omstende ein har meir eller mindre påverknad på sjølv.

Men ein prøver så godt ein kan, konsekvent, tydeleg, kjærleg, med mild stemme og positiv vinkling å leika seg utanom kampane. Men så er det stopp. Ein kjenner det boblar inni seg. Så gjev ein beskjed litt for hardt, borna grin, mor får dårleg samvit, mor gjev etter. Evt. klarar ein likevel å stå på sitt, og forsikrar om at ein er glad i dei likevel. 

Eg skal innrømma at eg ikkje tar alle kampar, i alle fall ikkje når eg er trøytt. Då har eg skjønt at det er like greitt å seie ja med ein gong, i staden for eit nei som blir eit ja berre borna protesterer nok. Om eg seier ja med ein gong, kan eg i alle fall stå for det eg har sagt. Så seier eg ekstra mykje nei når eg har energi til å ta kampane….Og så prøver eg å akseptera at eg ikkje er ei perfekt mor. Eg trur ikkje det finst noko slikt (sorry mamma). Eg prøver og feilar, eg blir lei, og eg blir irritert. (Eg sa forresten i kveld til sjuåringen at eg var irritert på han - og han berre "Blir du irritert på dine egne barn, mamma? Så frekt!!" Men han sa det med glimt i auget..)  Men noko må eg jo gjera riktig, så gode born eg eigentleg har (er det ikkje det me tenkjer?). Og noko blir eg betre til. Og noko får berre vera greitt nok, om eg heile tida går og tenkjer på det eg ikkje får til, blir eg i alle fall ikkje noko god mor...


Men nokon ting synest eg er viktigare enn andre.  At eg lyttar til borna. At eg ser dei. At eg klemmer dei, uansett kva. At me snakkar både om det som er godt, og det som er vondt. At me undrar oss ilag over kvifor ting er slik eller slik. At eg seier unnskyld viss eg kjenner at eg har behandla dei urettferdig, og forklarar kvifor det skjedde. At dei får sjansen til å seie unnskyld viss dei har gjort noko dei ikkje burde. At me syng ilag, og ber ilag. At eg seier kor glad eg er i dei, før dei sovnar. For når ein tenkjer på det – det er no me lagar augneblunkane som dei skal sitja og mimra om når dei vert gamle. Barndomsminna er ofte dei som sit sterkast og klårast i. Lat det verta flest gode.

tirsdag den 21. marts 2017

Nøstet mitt

eg har eit nøste av gode ord
då eg byrja å nøsta
var det lite

alt for lenge fekk orda gli
mellom fingrane
falla

for ho kan ikkje meina det?
han overdriv vel litt?
vil berre trøysta

eg såg i bakken då orda kom
mumla noko og rista
på hovudet

men ein dag fanga eg eitt
tok vare på det
smilte tilbake

og oppdaga at bakom orda
var trygge auge
som meinte

no samlar eg alle mjukt i hendene
kardar dei og spinn
sterk smiletråd

inntil hjartet ber eg eit stort nøste
vaktar det varsamt
mens det veks

ikkje kom med sladdersaksa
eller det glefsande
bygdedyret

eg hiv kniven som skar gamle mønster
for eg treng dette nøstet
av sjølvtillit

lag deg ditt eige nøste då vel?
du kan få dei fyrste orda
hjå meg


Sidan det er verdas poesidag i dag, hiv eg ut eit gamalt dikt i dag òg. Eg burde kome lenger på nøstet mitt sidan 2011, men synest framleis det er vanskeleg å tru at eg er god nok, og fokuserer for ofte på det eg ikkje får til... Så dette her er vel like mykje til meg sjølv som til andre som måtte trenga det. :)

Eg har forresten tenkt ein del på det i det siste, at eg sjeldan har så tru på at det eg seier til folk er så viktig. Eg svarar ikkje så ofte på snap, eg gløymer å svara på sms-ar og eg tar ikkje så ofte kontakt med folk sånn utan at det er noko spesielt, fordi eg tenkjer at "det er jo berre meg". Men eg veit jo sjølv at eg set pris på når nokon tek kontakt eller pratar med meg - uansett kven det er eller kor lite eller mykje eg kjenner dei. Kvifor trur eg ikkje at det òg kan verka omvendt, at mine ord eller bilete eller mitt "hei, så kjekt å sjå deg!" kan utgjera ein skilnad for nokon? Bør kanskje øva meg meir på dette...  

mandag den 20. marts 2017

Livet ved E16

Eit sting i magen
  ved den fyrste
            nettavisoverskrifta
               Ser nokon triste
                 ord på facebook
                    og uroa veks
                     Det dunkar hardt
                i kroppen når
               bileta dukkar opp
     Fingrane kvitnar
av nervøs kulde
Kven sin bil er det
denne gongen?        
Kven sat inni?             
   Bilen verkar både              
kjend og ukjend                
Ein sms roar ned                   
Ingen kjende                   
        Denne gongen                         
    Men den neste?                 
Og den etterpå?        
Det har skjedd før
For nokon skjedde
    det verste idag   
        Og så lenge denne  
           tungtrafikken går
                 og vegane ikkje blir
                    forbetra, skjer det
                                                             igjen


Eg bur ved ulykkesråka E16, og køyrer dagleg på denne vegen. På dagar med mykje regn, eller dagar med plussgrader etter lange frostperiodar, er eg ganske stressa. I grunn ofte elles òg, men det er løye kva ein venjer seg til. Eg veit det kan skje ulykker, og eg veit det kan gå ras. Eg veit forresten ikkje berre at dette KAN skje, eg veit at det skjer. Spørsmålet er berre kvar det skjer denne gongen. Det har vore ein del dødsulykker på strekninga, og i to av dei har eg kjent den omkomne eller familien. Då ei flott dame i nabolaget døydde i 2011, skreiv eg dikt om ho her.  Det rammar heile lokalsamfunn når slikt skjer, og det rammar familiar som aldri blir dei same igjen, ein vil alltid mangla nokon. Er det nødvendig at dette skal ramma fleire? Bør ein ikkje få i gong arbeid med forbetring av vegen så snart det er mogleg? Eg håpar politikarane sentralt skjøner at dette er noko som må gjerast, jo før jo heller....

Diktet øvst publiserte eg fyrst her.

søndag den 19. marts 2017

Venninner

Kva avgjer om me er venninner?
er det antal møter?
Kor dyre ting du får av meg
kor langt bak me har røter?

Og kan det telja inn om me
har reist så langt ilag
eller om me snakkast ofte
snappar kvar ein dag?

Spør du meg, så handlar det
nok mest om at me tør
å vera slik me er, ilag
i latter, ord og snørr...

Kor ofte er `kje nøye
berre praten går som før
når me treffest, og me vågar
opna opp vår dør!


Har skrive fleire slike liknande dikt, mest når eg har dårleg samvit for venninnene eg ikkje har prata med på ei stund (tatt av kvardagen...) ;) I det siste har eg nok tørt å vore meir og meir meg sjølv sånn uansett kven eg har møtt, og har hatt fleire gode samtalar eg har følt har vore "venninnesamtalar" utan at eg eigentleg kjenner dei så godt at eg normalt ville kalla oss for venninner. Med gode samtalar meiner eg samtalar der me har opna oss om både gode og vonde ting. Dette har ført at eg har tenkt litt på dette venninne-omgrepet. Kva er ei venninne eigentleg? Er det nokon ein treff regelmessig, og har kjent lenge? I så fall blir eg litt stressa, for eg har få eg treff regelmessig, om nokon... Ofte noko som kjem i vegen når eg prøver, så har nesten gitt opp "planlagte" venninnetreff.  


Eg har i alle fall kome til ein liten konklusjon for meg sjølv, som er førebels har klart å slå meg litt til ro med. Ei venninne er ei ein kan vera seg sjølv med. Ei som ein kan vera open med, og som er open tilbake (sikkert lurt at det er gjensidig... her begynner eg å lura litt på om eg av og til er for open om meg sjølv, og slepp andre for lite til med sitt, må prøva å vera litt meir bevisst på dette...), ei som ein kan smila saman med, og ei som ein kan få tårer i augene saman med (eg likar helst å ta den verste grininga åleine, elles får eg ikkje den utreinskinga eg treng...).

Eg tar det som ein bonus med dei planlagte venninnetreffa eg klarar, men elles prøver eg å vera ei venninne for dei eg treff. Eg skal sjølvsagt ikkje prakka på folk meg som venninne, stakkars menneske. Men om ein berre bind seg til nokre få ein er open med, og ein ikkje rekk treffa dei så ofte, er det lett at det samlar seg opp ting ein treng snakka om. Så eg tenkjer at "venninnesamtalar" i alle fall kan vera noko eg kan ha ofte, uansett om eg treff "dei faste" venninnene som eg veit er der, eller om eg treff andre kjekke damer meir eller mindre tilfeldig. Eller, kva tenkjer de? Er sikkert ulike meiningar om dette, litt avhengig av kva personlegdom ein har. Merkar at eg kunne skrive mykje meir om dette, er ikkje ferdigtenkt dette temaet, men eg må faktisk sova (viser til forrige innlegg..).  Ha ei fin veke i vente!

torsdag den 16. marts 2017

Blæh-dagar

Nokre dagar er berre slik. Blæh-dagar. Eg kjenner det ofte med ein gong eg vaknar, litt for seint (jadå, det går fint an å slumra alarmen på mobilen utan at ein eigentleg er vaken).. Passe trøtt og mismodig, litt vondt i skuldrene og muligens ein smule hormonell. Ikkje kjenn etter, ikkje kjenn etter! Rekk ikkje dusja. Er tom for yndlingspålegget til to av tre, og finn ut at det einaste brødet eg har, er fullt av korn, som ungane mine tydelegvis har fobi mot. Nemnde ungar slår seg vrange, vil ikkje eta frukost ( i hvert fall ikkje SKJEVA, blautt popkorn frå helga derimot…), nektar å ta på seg det eg vil ha på seg (les: normale, varme klede), og eg GRYLAR fortvilt at no må alle komma seg ut i gongen på flekken!! Og me blir for seine til skulen IGJEN, etter ein intens kamp med ho som berre skal i barnehagen, og dermed ikkje bryr seg om at andre rekk skulen. Kampen endar gjerne med eit kompromiss («Ok, du kan ha kjolen på deg, men då må du ha varm gensar under og flisbukse utanpå strømpebuksa når du skal ut»).

Blæh.

Endeleg er alle plassert i seter med belte på (-NEI, EG SKAL TA BELTET PÅ SJØLV MAMMA – jammen, du får det ikkje t… -JOOOOOOUUUU).  Sjølvsagt vil ingen ut av bilen heller, dei LIKAR IKKJE SKULEN, og minstejenta hyler ut når eg forlet ho i barnehagen at ho «ELSKAR MAMMO,OG VIL BERRE VERA MED HO HEILE TIDA». Eg klarar å lata vera å seia noko om at det ikkje er heilt gjensidig akkurat i dag, for eg veit jo inst inne at eg elskar ho veldig ho òg… Eg berre taklar så dårlig surelydar, og lurar litt på om eg har gjort slik at ho kjem til å bli eit storforlangande og overpynta menneske som vaksen, sidan eg ikkje alltid klarar å vera konsekvent slik eg veit eg burde. Så må eg kanskje fylla bensin, og klarar på vegen bort dit å treffa det vesle holet i vegen som ser så lite og uskuldig ut der det er fylt med vatn, men skjular eit djupn av ukjende dimensjonar. Det smell hardt i bilen og eg håpar at ikkje noko er øydelagt, der eg stiltrar meg bort til kortautomaten. Kor var det der kortet då. I mobilmappa som nett vart øydelagt slik at mobilen berre dett ut ja, den ligg sjølvsagt att heime.

Dobbelt-blæh.

Og slik heldt det fram...  Eg kjenner at eg ikkje orkar å utbrodera i detaljar ein heil slik dag, men det høyrer gjerne med litt bil-grining der tårene til slutt dropper frå haka (sjølvsagt brukte eg den siste bensinstasjon-servietten til å tørka noko halvpris-is i helga, til slutt tørkar eg meg i ei hue som eg finn under setet), katastrofetankar om alt mogleg som kan gå galt, eller om kva som kan feila meg som ikkje taklar noko ALLE ANDRE ser ut til å handtera med største ro og perfeksjon (Sandviken neste), og i verste fall ynskjetenking om at eg kanskje kan brekka foten litt eller noko slikt, så nokon andre kan ta ansvar for det eg ikkje vil tenka på at eg òg må gjennom i morgon. På slike dagar tolkar eg det meste negativt, og det skal lite kritikk til før eg har overbevist meg sjølv om at eg er eit fullstendig mislykka menneske.

Trippel-blæh.

Men så et eg kveldsmat ilag med dei to minste (tomatsuppe, fordi det VEIT eg dei likar, nei forresten, det var berre ein som likte det, oki, yoghurt til ho andre då), og så ser minstejenta på meg, legg hovudet på skakke og seier «Du e so pen og kul, mamma! Ikkje gløm da!».  Og så seier storebroren «Ja, men da viktigaste e å vera snill inni seg! Da e du òg mamma! Eg e so gla at du e mammo mi!» Og så har eg visst ikkje øydelagt dei så mykje som eg trudde, og dei er jo faktisk glade i meg likevel, kanskje eg til og med har gjort noko rett! Og så skrur me på NRK super på full styrke og har dansekonkurranse, og så pussar me tenner og går inn i storesenga der me latar som om dei er pokemonar som eg skal fanga, og me har det supergøy og eg tenkjer DETTE ER DET VIKTIGE. OSS. NO. ILAG. KJÆRLEIK. Heilt til eg «kastar ein pokeball» på «Raichu» som stupar ned i sengekanten og blir liggande og hyla, og i staden for at han blir fanga i pokeballen veks det ein kul på storleik med ein pokeball ut av skallen på han, heilt på ekte….

Jaja.  (Ikkje heilt blæh, og dessutan veit eg ikkje kva det fjerde Blæh-et skulle heitt. Kvadruppel-Blæh?)

Jaja, så vart det litt blæh på slutten òg. Nokre av desse blæh-dagane sluttar med at eg legg meg ekstra tidleg slik at dagen skal ta slutt, nokre sluttar med ein vaksen-krangel (spesielt viss me har ein blæh-dag begge to), og nokre sluttar med at eg finn ut at ting ikkje er så verst likevel. Felles for blæh-dagane er at dei går over. Eg kjem meg gjennom dei. Midt oppi dei ser eg ikkje land, og overdramatiserer det meste. Spesielt viss eg ikkje snakkar med nokon om det, men berre går og har blæh-tankar oppi hovudet mitt. Blæh-tankar kan veksa seg ganske store og skumle om dei berre får leva sitt eige liv inni der. Men når dei får koma ut i ord, er det lettare å sjå at dei ikkje er tankar eg treng bruka meir energi på. Blæh-tankar må ut og vekk, og eg må sova. Gjerne eta òg, på blæh-dagar kan eg gløyma både å eta og å drikka, det er ein del av problemet.

Eg har nok innsett at det er vanskeleg å unngå slike dagar innimellom. Dei kjem når eg har sove for lite (kanskje nokon var redde om natta, eller hosta, eller eg måtte sova i ei altfor trong (folksam) seng) , vore for lenge ilag med folk og blir forsterka av at eg et eller drikk lite. Eg blir bakpå og stressa, og det får konsekvensar som fylgjer meg heile dagen. Eg ser lettare mønstera no, og prøver å ta konsekvensane med å få nok søvn, åleinetid (ikkje alltid like lett å styra), mat og drikke, og å få dei dumme tankane ut til nokon, på blæh-dagar. Dagane etter blæh-dagane, kan eg blir ekstra glad. Dei dumme tankane har ofte fordufta, og eg kjenner meg lettare til sinns, og set meir pris på det eigentleg ganske så rike og gode livet mitt.

Eg vert takknemleg. Og flau. Fordi eg veit at det finst folk som har blæh-dagar kvar dag. Og det finst folk som saknar noko så inderleg hjarteskjærande akkurat den som slo seg vrang om morgonen, eller den som plukka av paprikaen på grandiosaen og gav den til hunden, eller den som alltid vart smitta når spybya gjekk, eller den som stod i barnehagen og ropte av full grinehals "EG ELSKAAAAR DEG MAMMA" når ein sneik seg vekk med klumpen i halsen. 

Så eg avlyser alle mine blæh-dagar framover. Det er ingen grunn til at dei skal få lov til å overmanna meg fullstendig, eg klarar å sjå ting i perspektiv igjen. Heilt til eg vaknar ein morgon med ei umiskjenneleg trøytt murring i hovudet, av nokon som spyr bak meg. Og eg må berre innsjå at det ikkje er alt eg kan kontrollera. 

Blæh. 

tirsdag den 14. marts 2017

Du er ikkje unik!


Trur du at det er berre du
som stundom er så trøytt
at du gløymer å pussa tennene?

Slapp av, du er ikkje unik!

Eg gløymde det to gongar
førre veke
den eine dagen gløymte
eg borna sine òg

Det verste er at eg eigentleg
ikkje gløymde det
eg berre orka ikkje

Då borna var sovna
følte eg meg som
verdas verste mor

Men det finst verre ting
å gløyma
leksene for eksempel

Ups

Eg prøver så godt eg kan å rekka over alt eg veit eg (og familien) bør i løpet av ein dag, men av og til blir energien oppbrukt litt for fort. Tannpussen veit eg er viktig, men av og til slurvar eg likevel, må eg innrømma. Det skjer innimellom på dei dagane eg sit i sofaen litt for lenge om kvelden fordi eg er for trøytt til å gå og leggja meg.  Då pussar eg ekstra godt morgonen etterpå, og tenkjer litt på om eg snart skulle funne meg ein ny tannlege, sidan eg ditcha den forrige tannlegen då eg fann ut han var den tredje dyraste i heile byn (via sida hvakostertannlegen.no). Men så tenkjer eg litt på kor lite pengar eg har igjen på konto og kor lenge det er til lønninga kjem, og så bestemmer eg meg for at eg berre aldri kan gløyma å pussa tennene igjen.


Eg trur kanskje dette blir ein serie av fleire «Du er ikkje unik»-innlegg som eg legg ut innimellom, eg har i alle fall ein del slike tekstar liggande som eg ikkje har brukt. De skjønar vel poenget? Det er ofte mykje snakk om at folk er unike, folk er spesielle, og at ein skal hylla forskjellane. Det er greit nok det! Men eg har etter kvart funne ut at me er mykje likare enn me trur… Og at det eigentleg er greitt å vita om det, for då kjenner ein seg litt mindre mislykka på ein del område. Eller kanskje dette her blir berre ein ny slik «Kristin deler alle sine dårlege sider, og alle andre kjenner seg så mykje betre»-greie. Men det òg er vel gjerne òg ein bra ting, i alle fall for alle andre enn meg ;)  

mandag den 13. marts 2017

Biletet eg ikkje tok

Eg ser dei for meg enno
sitjande på ein steinmur
framfor ei lita eng av strå
med utsyn langt innover fjorden

Han høg og lutrygga
ho lita,  nett og kvit i håret
at dei var merka av tida
var også tydeleg på avstand
likeså at dei var eitt

Dei sa ikkje stort, trur eg
berre sat der lenge
nesten kvar finversdag
saman stirra dei utover

Kanskje tankane deira gjekk innover
bakover til alt som var
barndomsminne flimra sterke
utløyst av graslukt, fuglesang eller fjordsynet

Kanskje dei ikkje såg fjorden
i det heile teke
berre kjende på tryggleiken i å vera to
og gleda over å vera til

Kanskje tenkte dei framover
den bratte motbakken heim att
legeturen neste veke
borneborn som skulle koma

Eg tenkte alltid på å ta bilete av dei
men eg gjorde det aldri

No veit eg ikkje om dei er meir
eit hus har innteke enga
sperrar for utsynet
der dei ein gong sat

Men eg ser det endå for meg
biletet ikkje tok


Trur det er 3-4 år sidan eg trilla på jenta mi, og ofte såg dette eldre paret sitja tett ilag,  på same staden kvar gong. Det var så rørande og idyllisk at eg kjende trongen til å ta opp mobilen og knipsa eit kjapt bilete, kvar gong eg såg dei. Men eg gjorde det aldri, mykje fordi det hadde kjendest som ei invadering i noko eg ikkje hadde noko med. Framleis tenkjer eg på dei når eg går forbi den staden, sjølv om det ser annleis ut der no.

Eldre menneske verkar å ha ei eiga evne til å "kvila i vaken tilstand". Mange av dei er ikkje avhengige av å bli (over -) stimulert av ørten skjermar eller aktivitetar til ei kvar tid. Dei greier faktisk å sitja i ro og ikkje gjera nokon ting, noko eg trur er særs sunt, sjølv om det kanskje ikkje høyrest slik ut. Då vandrar tankane fritt, og ein får kanskje bearbeida ting ein har opplevd, eller samla tankane så ein er førebudd til det ein har framfor seg.

No var det gjerne vel så mykje det gjensidige kjærleiksforholdet ein har etter så mange år eg tenkte på då eg såg desse to. Når ein har opplevd så mykje saman, er ein nok knytt til kvarandre på ein heilt spesiell måte. Ein får ei grunnleggjande forståing for kva den andre treng, og utfyller kvarandre, tippar eg. Sjølvsagt er det ikkje knirkefritt i alle "årgangsforhold", men mange  har nok etter kvart skjønt kva det ikkje er vits i å krangla om, fordi ein uansett ikkje kjem nokon veg ;)

I alle fall eit veldig fint bilete å ha på netthinna, og no håpar eg de såg det litt for deko de òg!

fredag den 10. marts 2017

Stopp litt



Ikkje skund deg sånn då, du treng ikkje strekka deg lenger nett no. Ikkje hopp vidare. Stopp litt her med meg fyrst. Lat meg klemma deg hardt, ein gong til. Sjå deg inni augene etterpå, og forsikra deg med blikk og ord at eg er glad i deg, uansett. Så kan du halda fram. Med å veksa, strekkja deg. Stadig lenger vekk frå fanget mitt. Så lenge du kjem tilbake av og til, får det vera greitt. Det verkar som du skjønar når eg treng at du kjem att. Då ser du litt på meg med smilet ditt, og gjev meg ein stor varm klem. Så hoppar du vidare. Om ikkje lenge sit eg tilbake og angrar på at eg nokon gong ynskte å ha fanget og huset litt for meg sjølv igjen.