søndag den 16. april 2017

Dikt til ei - og kanskje fleire?

Her er eit dikt eg har skrive til ei god dame. Eg kan relatera meg til det sjølv òg, men det er altså tileigna nokon andre. Likevel deler eg det her, for kanskje fleire treng å lesa det? De får ta det til deko de som kjenner deko truffe :)  God påske - litt til!

Kan nokon koma hit og
gje meg varmt ein klem i kveld
eg fortener den nok ikkje
men treng den likevel
inni meg så bankar det
eit håp om varm aksept
om ubetinga kjærleik
som finst på blå resept

Det er så vondt å kjenna på
å aldri strekkja til
det er så mykje som eg må
og som eg gjerne vil
draumane eg ber i meg
dei stuar eg fort bort
det er så mykje anna
som eg heller burde gjort

Då syng det djupt i meg
av ei stemme som er klår
Han seier at Han elskar meg
av Han eg klemmen får
for Han så er eg god nok
for Han så vart eg til
for Han så kan eg smila
og stemma hans er mild

Han seier at nett slik eg er
var slik eg skulle vera
at eg kan leggja alt på Han
Han vil meg alltid bera
i storm og stilla er han med
og ynskjer meg alt godt
i Han så kan eg takka
for det gode eg har fått

For å elska nesten min
så må eg elska meg
endå om eg kjenner
at det er så vanskeleg
Han vatnar meg med draumar
og ei trygg og kjærleg tru
på at eg er god nok slik eg er
eg treng `kje snu

Når Han er med meg
har eg målet lyst og klart i sikte
på vegen mot det gode
så vil Han meg aldri svikte
om det er tøft og vanskeleg
så kvilar eg i det
at Han meg alltid elskar
Han vil mot og kjærleik gje

mandag den 10. april 2017

Irriterande folk

Om eg spør kven du synest er irriterande folk
er det mogleg du nemner til dømes
folk som skryt
folk som klagar på alt
folk som tek avstand
eller folk som snakkar og snakkar

Men

Folk som skryt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei kjenner seg ekstra små
og trur orda gjer dei større?
Eller kanskje dei trur at det er alt dei har
og kan som gjev dei verdi?

Folk som klagar på alt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje det er ved å engasjera seg
dei held seg flytande?
Eller kanskje dei prøver å få merksemda
vekk frå sine eigne feil?

Folk som tek avstand
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei tek avstand for å sleppa
kjensla av at andre tek avstand?
Eller kanskje dei er redde for
å bli avslørt om nokon tek kontakt?

Folk som snakkar og snakkar
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei eigentleg ikkje
har nokon å snakka med?
Eller kanskje det er slik
dei kjenner seg sett?

Eg synest i grunn dei mest irriterande folka
er dei som ikkje klarar å sjå forbi
det som er irriterande med andre
i staden for å gje dei ei sjanse
til å visa kven dei
eigentleg er


Det er av og til litt for lett å døma folk som ein synest har eigenskapar som er litt irriterande. Eg har nok gått i fella sjølv òg. Men ein går ofte glipp av noko då, trur eg. Om ein tek avstand frå nokon ein ikkje heilt forstår, får ein ikkje ein sjanse til å bli kjend med dei. Og det å bli avvist er ikkje noko god kjensle. Spesielt om ein kjenner på at det er sin eigen personlegdom eller usikkerheit som er grunnen til at andre tek avstand. Det beste er å prøva å ta folk slik dei er. Forhalda seg til alle. 

Eg seier ikkje at ein må bli bestevenar med alle, men alle fortener å bli sett og høyrt, og at folk prøver å forstå dei. Eg trur det er eit sterkt behov hjå ganske mange, det å bli forstått. Det kjenner eg i alle fall på sjølv. Og om ein sjølv ynskjer at folk skal forstå ein, bør ein nesten gjera det same med andre. Eg trur eg sjølv kan vera ganske irriterande når eg prøver å forklara korleis eg tenkjer, til nokon som absolutt ikkje tenkjer likt som meg, og ikkje skjønar kvifor eg heng meg opp i det og det. Kanskje eg neste gong heller skal prøva litt meir å forstå korleis den andre tenkjer... 

Eller kanskje det ikkje er forståing som er stikkordet, men det å godta. At ein aksepterer at me menneske er ulike, at ein ikkje alltid forstår kvarandre, men at det likevel ikkje bør hindra ein i å kunna prata ilag eller forhalda seg til kvarandre. Det at ein ikkje forstår kvarandre bør ikkje gjera at ein føler seg meir eller mindre verdifulle enn dei ein har rundt seg. Alle har gode og dårlege sider, men om ein heile tida fokuserer på dei dårlege, blir ein kanskje litt for blind for dei gode sidene. Det gjeldt forresten når ein ser på seg sjølv òg. Kanskje fleire bør gjera som minstejenta mi som sa her ein kveld ho la seg : "Eg har alle i heile verden i hjerta mitt. Eg har Gud i hjerta mitt. Eg har meg sjøl i hjerta mitt". Så sovna ho med eit smil. Nesten. (Skal ikkje lata som at alt er idyll, ho låg nok og babla ein halvtime til før ho kubba...) 

torsdag den 6. april 2017

Du er ikkje unik! #2

Trur du at du er den einaste
som har minst fem meldingar 
du har utsett i fleire veker å svara på
fordi det du eigentleg ville
var å ta deg tid til
å gje eit skikkeleg svar?

Slapp av, du er ikkje unik!

Eg har kanskje ti slike
Eg tør ikkje sjekka
Alle er frå folk eg likar
Ingen av meldingane tar 
lang tid å svara på


Det er berre det at 
eg gløymer det meste
som eg ikkje gjer umiddelbart

Eg kjem gjerne på det
når eg ikkje har tid til å svara
og gløymer det igjen
når eg har tid

Sorry, folkens
Eg svarar kanskje til jul


Det er skremmande kor mykje eg gløymer av det eg ikkje gjer umiddelbart. Eg prøver å ikkje opna meldingar når eg ikkje har tid til å svara, men går litt for ofte på ein smell. Då tenkjer eg at eg skal svara seinare, spesielt viss det er noko som eg må tenkja litt gjennom. Og så forsvinn det bakover i hovudet. Men sprett fram når eg ikkje har tid til å svara, berre for å gje meg dårleg samvit. Jaja. Me har forresten bytta hus no, jamfør førre innlegg. Lenger vekk frå barnehagen, nærare skulen og vårt eige hus. For å ikkje laga meg for store forhåpningar; satsar på å koma heim til jul ;) 

tirsdag den 4. april 2017

Alt starta med ei varmepumpe

Alt starta med at varmepumpa vår høyrtes meir og meir ut som eit helikopter. Ho hadde alltid gitt mykje lyd frå seg, all den tid ho var den eldste varmepumpa i bygda. D-kjendis var ho òg i si tid, som framsidepike i lokalavisa då ho vart montert, ny og frisk og ei av dei fyrste i sitt slag her omkring. No dura ho kraftig på siste verset. Kanskje ho song om manglande støvsuging og vedlikehald, eller kanskje det handla om dei førre eigarane som tok så mykje betre vare på ho. Uansett, me fann ut at vifta ikkje gjekk rundt, og såg at det hang istappar ut frå ho ein frostperiode i desember. Så me tok den tøffe avgjersla om å trykkja på den raude knappen for godt. Det vart stilt. Veldig stilt. Og kaldt. Me leita fram ein stråleomn frå loftet, så me i alle fall fekk litt varme i stova. På soveromma hutra me. Og surfa på alle el-butikkar på nettet på leit etter erstattar. Mannen trakk det lengste strået, og handla inn. Ny pumpe vart levert på døra. Me plasserte kassane i eit anna rom enn der den gamle hang, ville gjera det til ein verdig avslutning for den gamle medan me venta på montørane.

Det var då det kom frå mannen. Me skulle ikkje ha flytta den nye lenger opp på veggen? Eg var i grunn einig, slik den gamle hang midt på veggen var den eigentleg i vegen. I vegen på veggen, hoho. Men då, sa han, burde me kanskje ha plata veggane i stova før me hengde opp den nye, slik eg hadde mast om så lenge. Eg blei litt ambivalent, faktisk. Eg følte eg burde jubla, sidan eg allereie for fleire år sidan begynte å irritera meg over den gamle «tråd-tapeten». Sånn eigentleg er eg ikkje så veldig oppteken av oppussing når romma funkar fint til sitt bruk, men eg har liksom hatt lyst til å setje vårt eige preg på stova, og litt forandring er fint innimellom.  Eg klarte likevel ikkje heilt å jubla, for i bakhovudet mitt summa spørsmåla : «Kor lang tid kjem det til å ta då? Korleis er det praktisk mogleg å få det til medan me bur i huset? Kor dyrt blir det? Kor mykje styr blir det?».  Men sidan det faktisk var HAN som føreslo å gjera noko eg hadde vore pådrivar for, kunne eg ikkje seie anna enn at det hadde vore flott!

Ferdigmalte veggplater vart kjøpt inn på sal og plassert ved dobbeltsenga, så me måtte klatra over sengehesten for å koma oss oppi og utav senga. Det er for ein periode, det er for ein periode, det blir bra til slutt. Mantraet gjekk i hovudet mitt medan eg lata som om dette var heilt normalt. Eg er eigentleg veldig var for endringar, men veit jo at endringar ofte fører til noko positivt òg, og dette hadde eg faktisk bede om sjølv! Godt uti januar, då varmegradene slo inn, prøvde me for gøy å slå på att den gamle varmepumpa. Gje ho ein siste sjanse til å varma oss litt, og mimra om alt me hadde opplevd med duren som bakgrunnsstøy (ikkje naudsynt å leggja for mykje i nett dei orda). Og JAMMEN – ho verka! Vifta hadde stått opp att frå dei døde og varma oss som aldri før. Riktignok til like sterk dur, men me slo i alle fall av stråleomnen og let pumpa gjera det ho framleis var best til.  Og lurte på om dette var eit signal om at me hadde forvilla oss ut på jordet. Skulle me avlysa heile greiene?  Nei, no hadde me både veggplater og ny varmepumpe, så det var for seint å angra.

Då vinterferien byrja, sløkte me gamlepumpa igjen, og takka for alt. Så tok eg ungane med meg på danskebåten, og hoppa av hjå systera mi i Stavanger før festen tok heilt av…. Mannen sette i gong med listefjerning, plating og saging. Og sikkert mykje meir som eg ikkje gidd å setja meg inn i. På veg heim frå Stavanger nokre dagar seinare, fekk eg ei oppringing frå nemnde mann. Veggane var nesten ferdigplata, men med eitt vart det så tydeleg at eikeparketten var veldig gul… Kva eg tenkte, skulle me berre setja i gong og slipa golvet i stova og gongen med det same – sidan listene no var av og mange ting var ute av stova uansett? Eg drog pusten inn og ut, og tenkte at eg hadde i grunn tenkt på at parketten var ganske gulna… Og det kunne vel ikkje ta så lang tid?  Me måtte ut av huset nett til over helga, og kunne bu nokre dagar i huset til bestemora hans, som stod tomt for tida. Som tenkt så gjort, me flytta inn i bestemorhuset fyrste helga i mars.

Slipinga tok tid. Lang tid. Mannen vart gråare og gråare, både i fjeset og i håret (det i håret var nok mest pussestøv). Så måtte me levera maskina inn att, men var framleis ikkje ferdige. Mannen var nøydd til å prioritera jobb og andre ting eit par veker, og imens budde me i koffertar i bestemorhuset. Eg vaska og vaska på klede, hadde jo berre tatt med klesbyter for ei vekes tid, og vart etter kvart veldig lei av å gå med dei same tre genserane (nei, eg nektar å tru det er naudsynt å byta genser kvar dag) . Minstejenta gjekk i eitt høve tom for truser, og måtte låna broren sine. Godt ho har ein kul bror. Borte i huset vårt var soveromma så stappa med ting frå stova at det var umogleg å koma til i klesskapa. Endeleg vart det klart for ny runde med slipemaskina, og mannen sa seg til slutt ferdig. Så var det vasking og oljing. Ups. Det vart gulbrune skjoldar i den lyse olja. Det var lakk igjen på golvet. Me visste ikkje om me skulle le eller grina. Mannen nekta på at det var «godt nok», og lånte poleringsmaskin for å sjå om det fiksa problemet. Det gjorde det ikkje. Han prøvde å vaska vekk olja, og pussa på ny. Då blei pussefilteret fullt i olje. Eg trur kanskje han grein litt nett då, inni seg. Eg prøvde å vera tålmodig og oppmuntrande.

Så her sit me då, i bestemorhuset, ein månad, ein gastromat, to håndsåper og mange dorullar etter at me flytte inn. Eit fint hus, for all del. Kjekke naboar er det òg. I grunn fint og sunt å prøva å bu ein annan plass i bygda ei lita stund, tenkjer eg når eg klarar å tenkja positivt. Her har me nærleik til skog og barnehage og idrettsplass. Stor, flat hage og gangveg utanfor, så me ser faktisk folk innimellom! Alt det der er flott. Men eg saknar i grunn mitt eige hus, bittebittelitt. Me har kjekke naboar der òg. Og kleda våre. Og kaninane (dei har fått mat, altså). Og hagen vår. Og utsikta.

Nett no anar eg ikkje kortid me kan flytta heimatt. Det er visst eit vindauga som skal fiksast òg, etter at golvet er slipt på nytt, olja, lakka og lista. Lakken skal herda i to veker, berre sånn for sikkerheits skuld. Om to-tre dagar kjem bestemora heimatt. Då skal me flytta bort i huset til svigermor, og så flyttar svigermor inn her til mora si. Eg veit det er kjekke naboar hjå svigermor òg. Eg veit eg skal vera takknemleg for at me faktisk har sjansen til å bu ein annan plass, fleire andre plassar, når vårt eige hus er fullt av støv, og ikkje kan brukast. Men eg kjenner eg er bittelitt irritert på meg sjølv for å ikkje ha planlagt ting betre, eller innsett at det kanskje var greitt slik det var… Forandring fryder, ja. Men det kostar jammen òg. På meir enn ein måte.

Snart er det påske. Nokon har i ventetida fasta frå kjøt, nokon frå snop og nokon frå facebook. Me valte visst å fasta frå huset vårt. Og eg har i tillegg ikkje drukke cola denne måneden. Skal innrømma det har halde hardt å ikkje opna ei trøystecola når me gong på gong har innsett at dette tar lenger tid enn frykta. Og alt starta med ei varmepumpe… Nett no kvilar gamlepumpa på ei eng av spirande gras i hagen. Godt at nokon har fred.  

søndag den 2. april 2017

Ikkje tørk tårene!

      - Eg vil vera i fred! Ikkje tørk tårene mine! Dei skal renna til eg er ferdig å grina! Ikkje prøv å få meg til å le, eg vil ikkje le!  

Eg gjer ein kjapp retrett, og prøver å fortrengja instinkta som seier at eg skal løfta minstejenta opp og klemma ho inntil meg, tørka vekk tårene som renn på kjaken hennar, og tulla vekk det vonde. Det er så mange ting ho ikkje får velja sjølv – kortid ho får vera heima og kortid ho må i barnehagen, kortid ho legg seg og kortid ho står opp, kva ho et (men ho vel vekk ein del ting ho ikkje et…), og så vidare. Men dette kan ho faktisk få lov til å bestemma sjølv. At tårene skal renna over kjaken, dropla ned på kjolen og tørka der, mens ho sit i fred inntil eit gjerde og kjenner seg urettferdig behandla av storebroren, det kan ho faktisk få bestemma sjølv.

Eg har på eit vis så lyst til å stoppa tårene. Eg vil ikkje at ho skal ha det bale. Samstundes veit eg at eg sjølv treng å grina av og til. Det er sunt å grina. Å møta motstand innimellom og reagera på det. Å få ut det som er vondt, utan at det blir stoppa midtvegs, før ein er ferdig med å avreagera. Så eg gjev ho tid, og seier at eg er klar for å gje ho ein klem når ho treng det. Det tek ikkje så lange stunda. Då får eg lov til å klemma, og til og med tørka litt. På stien heimover att, er me ikkje kome halvvegs før ho slepp latteren laus for fullt, og let meg få lov å tulla igjen. Heldigvis!