mandag den 28. januar 2019

Under regnbogen




I går hadde Hege Eide Vik, Anton Proskurnin og eg konsert i Dale kyrkje. Me høvesvis song, spelte og las dikt. Målet var å laga god stemning, rom for ettertankar og kjensler, og glimt av lys og håp i januarmørket. Me tok for oss livet, frå byrjing til slutt. Alle songane var på nynorsk, og dei som ikkje var det frå før, hadde eg omsett/gjendikta/skrive ny tekst til. Både skummelt og spennande å hoppa i noko slikt, eg hadde nok ikkje turt om ikkje Hege kom med idèen! Det kom mange fleire enn eg hadde trudd, ca 130 trur eg, så det var kjempestas! Eg kunne nok blitt skikkeleg stressa av mengda menneske, men kjende meg ganske trygg i opplegget, visste Hege sin del var bra, og at min del i alle fall var gjennomtenkt, om ikkje noko anna... ;)

Det blei ei god og varm oppleving, trass at eg fraus litt undervegs. Grunnen til frysinga var nok at eg hadde gøymd ein gitar bak stolen min, og skulle spela eit par kjærleikssongar midt i programmet. Det var to songar eg hadde skrive og framført i kvart sitt bryllaup, og som sidan har lagt litt på hylla. Følte dei kunne passa inn i programmet, men angra litt, og var redd for å syngja veldig falskt... Fekk ikkje øvd på å syngja med mygg-mikrofonen, så visste ikkje om det funka.  Fekk i alle fall mange gode ord etterpå, og det er veldig kjekt og motiverande!! Spesielt når eg følte eg var meg sjølv heile tida. Eg las dikta på dialekt, og song slik eg pleier når eg syng og spelar gitar heime i stova. Veldig kjekt å vera på lag med Hege og Anton, følte me gjorde kvarandre gode, og utfylte kvarandre!

Takknemleg for at Hege ville ha meg med på dette prosjektet, som me håpar kan verta ein årviss tradisjon i november, på allehelgensdag. Grunnen til at nett denne konserten var i januar, var at me måtte utsetja den pga sjukdom. I alle fall: Takk til alle som kom, eller som heia på oss <3 Filmen over er altså ti minutt frå ca midt i konserten.

1 kommentar:

  1. Kor flinke du er.
    Dei er heldige som får nyte godt av orda dine og songen live.
    Eg er glad for å få lese dei på ig.
    Stor klem frå Anne-Mari

    SvarSlet