torsdag den 23. februar 2017

Nytt forsøk

Eg la ned diktbloggen min, av fleire grunnar (var litt lei av konseptet etter seks år, hadde vore fint å kunna skriva om noko av og til utan at det nødvendigvis skal skje i diktform...). Men eg kjente eg trengte å skriva, og det verka ganske merkeleg å skriva utan at nokon skulle lesa det. Så eg laga meg ein anonym blogg, og skreiv ein del der, ganske filterlaust. Eg la liksom opp til at eg ikkje skulle få nokon respons, berre bruka den bloggen for å tømma hovudet litt når det vart for mykje oppi der. Men så vart det i grunn ikkje så lett å halda den bloggen i gong heller, når eg ikkje fekk noko respons, og ikkje følte det hadde noko å sei om eg skreiv noko der eller ikkje, bortsett frå at det hjalp litt å "lufta tankar" då. Eg lærte i alle fall at litt respons er bra.

Så no prøver eg dette.

Ein ærleg blogg der eg skriv om det eg tenkjer på, når eg tenkjer på det, og i den forma som passar meg då (vil nok bli ein del dikt...) og elles er ganske meg sjølv. Altså ikkje anonym. Så er det mogleg å kommentera det ein vil, det einaste eg ynskjer er at de er ærlege når de kommenterer ;) Eg kjenner eg framleis er litt redd for at nokon tenkjer eg skriv blogg for å "framheva meg sjølv", og trur at livet mitt er så bra at eg er nøydd til å visa det for resten av verda. Eg tippar likevel at de som kjenner meg veit at det ikkje er slik.... Så håpar eg at de som ikkje kjenner meg les med eit ope sinn. Eller ikkje les, det er ikkje slik at det er viktig for meg å få mange lesarar. Men eg håpar å skriva ting som kan vera godt å lesa, og ord nokon treng høyra.

Slik, då prøver eg meg altså på blogging igjen. Anar ikkje kor ofte eg kjem til å skriva, men trur eg lagar ei fb-gruppe som eg legg ut innlegg i, når eg skriv noko.

Kristin

Ingen kommentarer:

Send en kommentar