Alt starta med at varmepumpa vår høyrtes meir og meir ut som
eit helikopter. Ho hadde alltid gitt mykje lyd frå seg, all den tid ho var den eldste
varmepumpa i bygda. D-kjendis var ho òg i si tid, som framsidepike i lokalavisa
då ho vart montert, ny og frisk og ei av dei fyrste i sitt slag her omkring. No
dura ho kraftig på siste verset. Kanskje ho song om manglande støvsuging og vedlikehald,
eller kanskje det handla om dei førre eigarane som tok så mykje betre vare på
ho. Uansett, me fann ut at vifta ikkje gjekk rundt, og såg at det hang istappar
ut frå ho ein frostperiode i desember. Så me tok den tøffe avgjersla om å trykkja
på den raude knappen for godt. Det vart stilt. Veldig stilt. Og kaldt. Me leita
fram ein stråleomn frå loftet, så me i alle fall fekk litt varme i stova. På
soveromma hutra me. Og surfa på alle el-butikkar på nettet på leit etter
erstattar. Mannen trakk det lengste strået, og handla inn. Ny pumpe vart levert
på døra. Me plasserte kassane i eit anna rom enn der den gamle hang, ville
gjera det til ein verdig avslutning for den gamle medan me venta på montørane.
Det var då det kom frå mannen. Me skulle ikkje ha flytta den
nye lenger opp på veggen? Eg var i grunn einig, slik den gamle hang midt på
veggen var den eigentleg i vegen. I vegen på veggen, hoho. Men då, sa han,
burde me kanskje ha plata veggane i stova før me hengde opp den nye, slik eg
hadde mast om så lenge. Eg blei litt ambivalent, faktisk. Eg følte eg burde
jubla, sidan eg allereie for fleire år sidan begynte å irritera meg over den
gamle «tråd-tapeten». Sånn eigentleg er eg ikkje så veldig oppteken av oppussing
når romma funkar fint til sitt bruk, men eg har liksom hatt lyst til å setje
vårt eige preg på stova, og litt forandring er fint innimellom. Eg klarte likevel ikkje heilt å jubla, for i
bakhovudet mitt summa spørsmåla : «Kor lang tid kjem det til å ta då? Korleis
er det praktisk mogleg å få det til medan me bur i huset? Kor dyrt blir det?
Kor mykje styr blir det?». Men sidan det
faktisk var HAN som føreslo å gjera noko eg hadde vore pådrivar for, kunne eg
ikkje seie anna enn at det hadde vore flott!
Ferdigmalte veggplater vart kjøpt inn på sal og plassert ved
dobbeltsenga, så me måtte klatra over sengehesten for å koma oss oppi og utav
senga. Det er for ein periode, det er for ein periode, det blir bra til slutt.
Mantraet gjekk i hovudet mitt medan eg lata som om dette var heilt normalt. Eg er
eigentleg veldig var for endringar, men veit jo at endringar ofte fører til
noko positivt òg, og dette hadde eg faktisk bede om sjølv! Godt uti januar, då
varmegradene slo inn, prøvde me for gøy å slå på att den gamle varmepumpa. Gje
ho ein siste sjanse til å varma oss litt, og mimra om alt me hadde opplevd med
duren som bakgrunnsstøy (ikkje naudsynt å leggja for mykje i nett dei orda). Og
JAMMEN – ho verka! Vifta hadde stått opp att frå dei døde og varma oss som
aldri før. Riktignok til like sterk dur, men me slo i alle fall av stråleomnen
og let pumpa gjera det ho framleis var best til. Og lurte på om dette var eit signal om at me
hadde forvilla oss ut på jordet. Skulle me avlysa heile greiene? Nei, no hadde me både veggplater og ny
varmepumpe, så det var for seint å angra.
Då vinterferien byrja, sløkte me gamlepumpa igjen, og takka
for alt. Så tok eg ungane med meg på danskebåten, og hoppa av hjå systera mi i
Stavanger før festen tok heilt av…. Mannen sette i gong med listefjerning,
plating og saging. Og sikkert mykje meir som eg ikkje gidd å setja meg inn i. På
veg heim frå Stavanger nokre dagar seinare, fekk eg ei oppringing frå nemnde
mann. Veggane var nesten ferdigplata, men med eitt vart det så tydeleg at
eikeparketten var veldig gul… Kva eg tenkte, skulle me berre setja i gong og
slipa golvet i stova og gongen med det same – sidan listene no var av og mange
ting var ute av stova uansett? Eg drog pusten inn og ut, og tenkte at eg hadde
i grunn tenkt på at parketten var ganske gulna… Og det kunne vel ikkje ta så
lang tid? Me måtte ut av huset nett til
over helga, og kunne bu nokre dagar i huset til bestemora hans, som stod tomt
for tida. Som tenkt så gjort, me flytta inn i bestemorhuset fyrste helga i
mars.
Slipinga tok tid. Lang tid. Mannen vart gråare og gråare,
både i fjeset og i håret (det i håret var nok mest pussestøv). Så måtte me
levera maskina inn att, men var framleis ikkje ferdige. Mannen var nøydd til å
prioritera jobb og andre ting eit par veker, og imens budde me i koffertar i
bestemorhuset. Eg vaska og vaska på klede, hadde jo berre tatt med klesbyter
for ei vekes tid, og vart etter kvart veldig lei av å gå med dei same tre genserane
(nei, eg nektar å tru det er naudsynt å byta genser kvar dag) . Minstejenta
gjekk i eitt høve tom for truser, og måtte låna broren sine. Godt ho har ein
kul bror. Borte i huset vårt var soveromma så stappa med ting frå stova at det var umogleg å
koma til i klesskapa. Endeleg vart det klart for ny runde med slipemaskina, og mannen sa seg til
slutt ferdig. Så var det vasking og oljing. Ups. Det vart gulbrune skjoldar i
den lyse olja. Det var lakk igjen på golvet. Me visste ikkje om me skulle le
eller grina. Mannen nekta på at det var «godt nok», og lånte poleringsmaskin
for å sjå om det fiksa problemet. Det gjorde det ikkje. Han prøvde å vaska vekk
olja, og pussa på ny. Då blei pussefilteret fullt i olje. Eg trur kanskje han
grein litt nett då, inni seg. Eg prøvde å vera tålmodig og oppmuntrande.
Så her sit me då, i bestemorhuset, ein månad, ein gastromat,
to håndsåper og mange dorullar etter at me flytte inn. Eit fint hus, for all
del. Kjekke naboar er det òg. I grunn fint og sunt å prøva å bu ein annan plass i bygda
ei lita stund, tenkjer eg når eg klarar å tenkja positivt. Her har me nærleik
til skog og barnehage og idrettsplass. Stor, flat hage og gangveg utanfor, så
me ser faktisk folk innimellom! Alt det der er flott. Men eg saknar i grunn
mitt eige hus, bittebittelitt. Me har kjekke naboar der òg. Og kleda våre. Og
kaninane (dei har fått mat, altså). Og hagen vår. Og utsikta.
Nett no anar eg ikkje kortid me kan flytta heimatt. Det er
visst eit vindauga som skal fiksast òg, etter at golvet er slipt på nytt, olja,
lakka og lista. Lakken skal herda i to veker, berre sånn for sikkerheits skuld.
Om to-tre dagar kjem bestemora heimatt. Då skal me flytta bort i huset til
svigermor, og så flyttar svigermor inn her til mora si. Eg veit det er kjekke
naboar hjå svigermor òg. Eg veit eg skal vera takknemleg for at me faktisk har
sjansen til å bu ein annan plass, fleire andre plassar, når vårt eige hus er
fullt av støv, og ikkje kan brukast. Men eg kjenner eg er bittelitt irritert på
meg sjølv for å ikkje ha planlagt ting betre, eller innsett at det kanskje var
greitt slik det var… Forandring fryder, ja. Men det kostar jammen òg. På meir enn
ein måte.
Snart er det påske. Nokon har i ventetida fasta frå kjøt,
nokon frå snop og nokon frå facebook. Me valte visst å fasta frå huset vårt. Og eg har i
tillegg ikkje drukke cola denne måneden. Skal innrømma det har halde hardt å
ikkje opna ei trøystecola når me gong på gong har innsett at dette tar lenger
tid enn frykta. Og alt starta med ei varmepumpe… Nett no kvilar gamlepumpa på
ei eng av spirande gras i hagen. Godt at nokon har fred.
Ingen kommentarer:
Send en kommentar