Om eg spør kven du synest er irriterande folk
er det mogleg du nemner til dømes
folk som skryt
folk som klagar på alt
folk som tek avstand
eller folk som snakkar og snakkar
Men
Folk som skryt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei kjenner seg ekstra små
og trur orda gjer dei større?
Eller kanskje dei trur at det er alt dei har
og kan som gjev dei verdi?
Folk som klagar på alt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje det er ved å engasjera seg
dei held seg flytande?
Eller kanskje dei prøver å få merksemda
vekk frå sine eigne feil?
Folk som tek avstand
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei tek avstand for å sleppa
kjensla av at andre tek avstand?
Eller kanskje dei er redde for
å bli avslørt om nokon tek kontakt?
Folk som snakkar og snakkar
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei eigentleg ikkje
har nokon å snakka med?
Eller kanskje det er slik
dei kjenner seg sett?
Eg synest i grunn dei mest irriterande folka
er dei som ikkje klarar å sjå forbi
det som er irriterande med andre
i staden for å gje dei ei sjanse
til å visa kven dei
eigentleg er
Det er av og til litt for lett å døma folk som ein synest har eigenskapar
som er litt irriterande. Eg har nok gått i fella sjølv òg. Men ein går ofte
glipp av noko då, trur eg. Om ein tek avstand frå nokon ein ikkje heilt
forstår, får ein ikkje ein sjanse til å bli kjend med dei. Og det å bli avvist
er ikkje noko god kjensle. Spesielt om ein kjenner på at det er sin eigen
personlegdom eller usikkerheit som er grunnen til at andre tek avstand. Det
beste er å prøva å ta folk slik dei er. Forhalda seg til alle.
Eg seier ikkje at ein må bli bestevenar med alle, men alle
fortener å bli sett og høyrt, og at folk prøver å forstå dei. Eg trur det er
eit sterkt behov hjå ganske mange, det å bli forstått. Det kjenner eg i alle
fall på sjølv. Og om ein sjølv ynskjer at folk skal forstå ein, bør ein nesten
gjera det same med andre. Eg trur eg sjølv kan vera ganske irriterande når eg
prøver å forklara korleis eg tenkjer, til nokon som absolutt ikkje tenkjer likt
som meg, og ikkje skjønar kvifor eg heng meg opp i det og det. Kanskje eg neste
gong heller skal prøva litt meir å forstå korleis den andre tenkjer...
Eller kanskje det ikkje er forståing som er stikkordet, men det å godta. At ein aksepterer at me menneske er ulike, at ein ikkje alltid forstår kvarandre, men at det likevel ikkje bør hindra ein i å kunna prata ilag eller forhalda seg til kvarandre. Det at ein ikkje forstår kvarandre bør ikkje gjera at ein føler seg meir eller mindre verdifulle enn dei ein har rundt seg. Alle har gode og dårlege sider, men om ein heile tida fokuserer på dei dårlege, blir ein kanskje litt for blind for dei gode sidene. Det gjeldt forresten når ein ser på seg sjølv òg. Kanskje fleire bør gjera som minstejenta mi som sa her ein kveld ho la seg : "Eg har alle i heile verden i hjerta mitt. Eg har Gud i hjerta mitt. Eg har meg sjøl i hjerta mitt". Så sovna ho med eit smil. Nesten. (Skal ikkje lata som at alt er idyll, ho låg nok og babla ein halvtime til før ho kubba...)
Ingen kommentarer:
Send en kommentar