mandag den 10. april 2017

Irriterande folk

Om eg spør kven du synest er irriterande folk
er det mogleg du nemner til dømes
folk som skryt
folk som klagar på alt
folk som tek avstand
eller folk som snakkar og snakkar

Men

Folk som skryt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei kjenner seg ekstra små
og trur orda gjer dei større?
Eller kanskje dei trur at det er alt dei har
og kan som gjev dei verdi?

Folk som klagar på alt
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje det er ved å engasjera seg
dei held seg flytande?
Eller kanskje dei prøver å få merksemda
vekk frå sine eigne feil?

Folk som tek avstand
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei tek avstand for å sleppa
kjensla av at andre tek avstand?
Eller kanskje dei er redde for
å bli avslørt om nokon tek kontakt?

Folk som snakkar og snakkar
har kanskje ein grunn til det?
Kanskje dei eigentleg ikkje
har nokon å snakka med?
Eller kanskje det er slik
dei kjenner seg sett?

Eg synest i grunn dei mest irriterande folka
er dei som ikkje klarar å sjå forbi
det som er irriterande med andre
i staden for å gje dei ei sjanse
til å visa kven dei
eigentleg er


Det er av og til litt for lett å døma folk som ein synest har eigenskapar som er litt irriterande. Eg har nok gått i fella sjølv òg. Men ein går ofte glipp av noko då, trur eg. Om ein tek avstand frå nokon ein ikkje heilt forstår, får ein ikkje ein sjanse til å bli kjend med dei. Og det å bli avvist er ikkje noko god kjensle. Spesielt om ein kjenner på at det er sin eigen personlegdom eller usikkerheit som er grunnen til at andre tek avstand. Det beste er å prøva å ta folk slik dei er. Forhalda seg til alle. 

Eg seier ikkje at ein må bli bestevenar med alle, men alle fortener å bli sett og høyrt, og at folk prøver å forstå dei. Eg trur det er eit sterkt behov hjå ganske mange, det å bli forstått. Det kjenner eg i alle fall på sjølv. Og om ein sjølv ynskjer at folk skal forstå ein, bør ein nesten gjera det same med andre. Eg trur eg sjølv kan vera ganske irriterande når eg prøver å forklara korleis eg tenkjer, til nokon som absolutt ikkje tenkjer likt som meg, og ikkje skjønar kvifor eg heng meg opp i det og det. Kanskje eg neste gong heller skal prøva litt meir å forstå korleis den andre tenkjer... 

Eller kanskje det ikkje er forståing som er stikkordet, men det å godta. At ein aksepterer at me menneske er ulike, at ein ikkje alltid forstår kvarandre, men at det likevel ikkje bør hindra ein i å kunna prata ilag eller forhalda seg til kvarandre. Det at ein ikkje forstår kvarandre bør ikkje gjera at ein føler seg meir eller mindre verdifulle enn dei ein har rundt seg. Alle har gode og dårlege sider, men om ein heile tida fokuserer på dei dårlege, blir ein kanskje litt for blind for dei gode sidene. Det gjeldt forresten når ein ser på seg sjølv òg. Kanskje fleire bør gjera som minstejenta mi som sa her ein kveld ho la seg : "Eg har alle i heile verden i hjerta mitt. Eg har Gud i hjerta mitt. Eg har meg sjøl i hjerta mitt". Så sovna ho med eit smil. Nesten. (Skal ikkje lata som at alt er idyll, ho låg nok og babla ein halvtime til før ho kubba...) 

torsdag den 6. april 2017

Du er ikkje unik! #2

Trur du at du er den einaste
som har minst fem meldingar 
du har utsett i fleire veker å svara på
fordi det du eigentleg ville
var å ta deg tid til
å gje eit skikkeleg svar?

Slapp av, du er ikkje unik!

Eg har kanskje ti slike
Eg tør ikkje sjekka
Alle er frå folk eg likar
Ingen av meldingane tar 
lang tid å svara på


Det er berre det at 
eg gløymer det meste
som eg ikkje gjer umiddelbart

Eg kjem gjerne på det
når eg ikkje har tid til å svara
og gløymer det igjen
når eg har tid

Sorry, folkens
Eg svarar kanskje til jul


Det er skremmande kor mykje eg gløymer av det eg ikkje gjer umiddelbart. Eg prøver å ikkje opna meldingar når eg ikkje har tid til å svara, men går litt for ofte på ein smell. Då tenkjer eg at eg skal svara seinare, spesielt viss det er noko som eg må tenkja litt gjennom. Og så forsvinn det bakover i hovudet. Men sprett fram når eg ikkje har tid til å svara, berre for å gje meg dårleg samvit. Jaja. Me har forresten bytta hus no, jamfør førre innlegg. Lenger vekk frå barnehagen, nærare skulen og vårt eige hus. For å ikkje laga meg for store forhåpningar; satsar på å koma heim til jul ;) 

tirsdag den 4. april 2017

Alt starta med ei varmepumpe

Alt starta med at varmepumpa vår høyrtes meir og meir ut som eit helikopter. Ho hadde alltid gitt mykje lyd frå seg, all den tid ho var den eldste varmepumpa i bygda. D-kjendis var ho òg i si tid, som framsidepike i lokalavisa då ho vart montert, ny og frisk og ei av dei fyrste i sitt slag her omkring. No dura ho kraftig på siste verset. Kanskje ho song om manglande støvsuging og vedlikehald, eller kanskje det handla om dei førre eigarane som tok så mykje betre vare på ho. Uansett, me fann ut at vifta ikkje gjekk rundt, og såg at det hang istappar ut frå ho ein frostperiode i desember. Så me tok den tøffe avgjersla om å trykkja på den raude knappen for godt. Det vart stilt. Veldig stilt. Og kaldt. Me leita fram ein stråleomn frå loftet, så me i alle fall fekk litt varme i stova. På soveromma hutra me. Og surfa på alle el-butikkar på nettet på leit etter erstattar. Mannen trakk det lengste strået, og handla inn. Ny pumpe vart levert på døra. Me plasserte kassane i eit anna rom enn der den gamle hang, ville gjera det til ein verdig avslutning for den gamle medan me venta på montørane.

Det var då det kom frå mannen. Me skulle ikkje ha flytta den nye lenger opp på veggen? Eg var i grunn einig, slik den gamle hang midt på veggen var den eigentleg i vegen. I vegen på veggen, hoho. Men då, sa han, burde me kanskje ha plata veggane i stova før me hengde opp den nye, slik eg hadde mast om så lenge. Eg blei litt ambivalent, faktisk. Eg følte eg burde jubla, sidan eg allereie for fleire år sidan begynte å irritera meg over den gamle «tråd-tapeten». Sånn eigentleg er eg ikkje så veldig oppteken av oppussing når romma funkar fint til sitt bruk, men eg har liksom hatt lyst til å setje vårt eige preg på stova, og litt forandring er fint innimellom.  Eg klarte likevel ikkje heilt å jubla, for i bakhovudet mitt summa spørsmåla : «Kor lang tid kjem det til å ta då? Korleis er det praktisk mogleg å få det til medan me bur i huset? Kor dyrt blir det? Kor mykje styr blir det?».  Men sidan det faktisk var HAN som føreslo å gjera noko eg hadde vore pådrivar for, kunne eg ikkje seie anna enn at det hadde vore flott!

Ferdigmalte veggplater vart kjøpt inn på sal og plassert ved dobbeltsenga, så me måtte klatra over sengehesten for å koma oss oppi og utav senga. Det er for ein periode, det er for ein periode, det blir bra til slutt. Mantraet gjekk i hovudet mitt medan eg lata som om dette var heilt normalt. Eg er eigentleg veldig var for endringar, men veit jo at endringar ofte fører til noko positivt òg, og dette hadde eg faktisk bede om sjølv! Godt uti januar, då varmegradene slo inn, prøvde me for gøy å slå på att den gamle varmepumpa. Gje ho ein siste sjanse til å varma oss litt, og mimra om alt me hadde opplevd med duren som bakgrunnsstøy (ikkje naudsynt å leggja for mykje i nett dei orda). Og JAMMEN – ho verka! Vifta hadde stått opp att frå dei døde og varma oss som aldri før. Riktignok til like sterk dur, men me slo i alle fall av stråleomnen og let pumpa gjera det ho framleis var best til.  Og lurte på om dette var eit signal om at me hadde forvilla oss ut på jordet. Skulle me avlysa heile greiene?  Nei, no hadde me både veggplater og ny varmepumpe, så det var for seint å angra.

Då vinterferien byrja, sløkte me gamlepumpa igjen, og takka for alt. Så tok eg ungane med meg på danskebåten, og hoppa av hjå systera mi i Stavanger før festen tok heilt av…. Mannen sette i gong med listefjerning, plating og saging. Og sikkert mykje meir som eg ikkje gidd å setja meg inn i. På veg heim frå Stavanger nokre dagar seinare, fekk eg ei oppringing frå nemnde mann. Veggane var nesten ferdigplata, men med eitt vart det så tydeleg at eikeparketten var veldig gul… Kva eg tenkte, skulle me berre setja i gong og slipa golvet i stova og gongen med det same – sidan listene no var av og mange ting var ute av stova uansett? Eg drog pusten inn og ut, og tenkte at eg hadde i grunn tenkt på at parketten var ganske gulna… Og det kunne vel ikkje ta så lang tid?  Me måtte ut av huset nett til over helga, og kunne bu nokre dagar i huset til bestemora hans, som stod tomt for tida. Som tenkt så gjort, me flytta inn i bestemorhuset fyrste helga i mars.

Slipinga tok tid. Lang tid. Mannen vart gråare og gråare, både i fjeset og i håret (det i håret var nok mest pussestøv). Så måtte me levera maskina inn att, men var framleis ikkje ferdige. Mannen var nøydd til å prioritera jobb og andre ting eit par veker, og imens budde me i koffertar i bestemorhuset. Eg vaska og vaska på klede, hadde jo berre tatt med klesbyter for ei vekes tid, og vart etter kvart veldig lei av å gå med dei same tre genserane (nei, eg nektar å tru det er naudsynt å byta genser kvar dag) . Minstejenta gjekk i eitt høve tom for truser, og måtte låna broren sine. Godt ho har ein kul bror. Borte i huset vårt var soveromma så stappa med ting frå stova at det var umogleg å koma til i klesskapa. Endeleg vart det klart for ny runde med slipemaskina, og mannen sa seg til slutt ferdig. Så var det vasking og oljing. Ups. Det vart gulbrune skjoldar i den lyse olja. Det var lakk igjen på golvet. Me visste ikkje om me skulle le eller grina. Mannen nekta på at det var «godt nok», og lånte poleringsmaskin for å sjå om det fiksa problemet. Det gjorde det ikkje. Han prøvde å vaska vekk olja, og pussa på ny. Då blei pussefilteret fullt i olje. Eg trur kanskje han grein litt nett då, inni seg. Eg prøvde å vera tålmodig og oppmuntrande.

Så her sit me då, i bestemorhuset, ein månad, ein gastromat, to håndsåper og mange dorullar etter at me flytte inn. Eit fint hus, for all del. Kjekke naboar er det òg. I grunn fint og sunt å prøva å bu ein annan plass i bygda ei lita stund, tenkjer eg når eg klarar å tenkja positivt. Her har me nærleik til skog og barnehage og idrettsplass. Stor, flat hage og gangveg utanfor, så me ser faktisk folk innimellom! Alt det der er flott. Men eg saknar i grunn mitt eige hus, bittebittelitt. Me har kjekke naboar der òg. Og kleda våre. Og kaninane (dei har fått mat, altså). Og hagen vår. Og utsikta.

Nett no anar eg ikkje kortid me kan flytta heimatt. Det er visst eit vindauga som skal fiksast òg, etter at golvet er slipt på nytt, olja, lakka og lista. Lakken skal herda i to veker, berre sånn for sikkerheits skuld. Om to-tre dagar kjem bestemora heimatt. Då skal me flytta bort i huset til svigermor, og så flyttar svigermor inn her til mora si. Eg veit det er kjekke naboar hjå svigermor òg. Eg veit eg skal vera takknemleg for at me faktisk har sjansen til å bu ein annan plass, fleire andre plassar, når vårt eige hus er fullt av støv, og ikkje kan brukast. Men eg kjenner eg er bittelitt irritert på meg sjølv for å ikkje ha planlagt ting betre, eller innsett at det kanskje var greitt slik det var… Forandring fryder, ja. Men det kostar jammen òg. På meir enn ein måte.

Snart er det påske. Nokon har i ventetida fasta frå kjøt, nokon frå snop og nokon frå facebook. Me valte visst å fasta frå huset vårt. Og eg har i tillegg ikkje drukke cola denne måneden. Skal innrømma det har halde hardt å ikkje opna ei trøystecola når me gong på gong har innsett at dette tar lenger tid enn frykta. Og alt starta med ei varmepumpe… Nett no kvilar gamlepumpa på ei eng av spirande gras i hagen. Godt at nokon har fred.  

søndag den 2. april 2017

Ikkje tørk tårene!

      - Eg vil vera i fred! Ikkje tørk tårene mine! Dei skal renna til eg er ferdig å grina! Ikkje prøv å få meg til å le, eg vil ikkje le!  

Eg gjer ein kjapp retrett, og prøver å fortrengja instinkta som seier at eg skal løfta minstejenta opp og klemma ho inntil meg, tørka vekk tårene som renn på kjaken hennar, og tulla vekk det vonde. Det er så mange ting ho ikkje får velja sjølv – kortid ho får vera heima og kortid ho må i barnehagen, kortid ho legg seg og kortid ho står opp, kva ho et (men ho vel vekk ein del ting ho ikkje et…), og så vidare. Men dette kan ho faktisk få lov til å bestemma sjølv. At tårene skal renna over kjaken, dropla ned på kjolen og tørka der, mens ho sit i fred inntil eit gjerde og kjenner seg urettferdig behandla av storebroren, det kan ho faktisk få bestemma sjølv.

Eg har på eit vis så lyst til å stoppa tårene. Eg vil ikkje at ho skal ha det bale. Samstundes veit eg at eg sjølv treng å grina av og til. Det er sunt å grina. Å møta motstand innimellom og reagera på det. Å få ut det som er vondt, utan at det blir stoppa midtvegs, før ein er ferdig med å avreagera. Så eg gjev ho tid, og seier at eg er klar for å gje ho ein klem når ho treng det. Det tek ikkje så lange stunda. Då får eg lov til å klemma, og til og med tørka litt. På stien heimover att, er me ikkje kome halvvegs før ho slepp latteren laus for fullt, og let meg få lov å tulla igjen. Heldigvis! 

onsdag den 29. marts 2017

Snill mamma

-Av og til skulle eg ynskja at eg hadde ei mamma som var endå snillare enn deg, seier guten på sju. Eg kjenner det stikk, sjølvsagt, og lurar på kva han meiner. Ei mamma som aldri kjefta, og alltid var blid, og alltid gav han lov til alt han ville. Det er det han meiner. Det må vera ei snill mamma, det!

Tjaaa, seier eg, og drar litt på det. Ei mamma som sa det var heilt greitt at du sprang rundt ute i berre shorts midt på vinteren? Ei mamma som aldri sa nei når du heldt på å gjera noko farleg i trafikken, og sendte deg av garde utan refleks når det var heilt mørkt, berre fordi du ikkje ville ha det? Ei mamma som sa det var heilt greitt at du berre åt snop til frukost og middag og kvelds, i staden for mat som kroppen din treng?  Var det ei slik mamma du ville hatt?

Han ser på meg med store auge, faktisk. Han vil ikkje ha ei mamma som ikkje bryr seg om han blir sjuk, seier han. Han vil jo ha ei mamma som er glad i han! Inni meg jublar eg, wohoo, han skjønte poenget mitt!  Utanpå berre smilar eg og klemmer han.

Oppdraging er vanskelege greier, det er mange feller å gå i, og det er mange som meiner mykje om det, spesielt dei som ikkje har ungar sjølv… Både når det gjeld mat, leggetider og kva som skal aksepterast og ikkje aksepterast. Det er i alle fall semje om at ein må vera konsekvent, og stå for det ein har sagt til bornet!

Problemet er at dette er noko ein er oppi konstant. Hadde det vore ein jobb som ein hoppa inn i og ut av, og kunne ta ferie eller sjukedagar frå, hadde det vore annleis. Men det er stort sett alltid ei eller anna problemstilling, ofte mange, knytta til borna. Nokon et for mykje, andre for lite, nokon har sterke meiningar om kva klede dei skal ha på, og nokon vil ikkje ha på klede i heile tatt... Nokon sovnar på eit blunk, og nokon brukar lenger tid og vil ha foreldra der. Nokon vil aldri dela leikane sine med andre, og nokon godtar at andre born drar leikane ut frå hendene deira utan å gjere ei mine.

Det er i grunn stor skilnad på foreldra òg. Nokon er tålmodige, nokon er rastlause, nokon er trygge på seg sjølv, nokon er usikre og trur at alle andre får til det ein sjølv ikkje klarar, nokon har mykje energi, nokon manglar energi, nokon har eit stort nettverk, nokon kjenner seg ganske åleine. Nokon er pysete og overbeskyttande, nokon likar å gje borna utfordringar. Og kven ein sjølv er i dette landskapet, svingar med dagsform og søvn og andre omstende ein har meir eller mindre påverknad på sjølv.

Men ein prøver så godt ein kan, konsekvent, tydeleg, kjærleg, med mild stemme og positiv vinkling å leika seg utanom kampane. Men så er det stopp. Ein kjenner det boblar inni seg. Så gjev ein beskjed litt for hardt, borna grin, mor får dårleg samvit, mor gjev etter. Evt. klarar ein likevel å stå på sitt, og forsikrar om at ein er glad i dei likevel. 

Eg skal innrømma at eg ikkje tar alle kampar, i alle fall ikkje når eg er trøytt. Då har eg skjønt at det er like greitt å seie ja med ein gong, i staden for eit nei som blir eit ja berre borna protesterer nok. Om eg seier ja med ein gong, kan eg i alle fall stå for det eg har sagt. Så seier eg ekstra mykje nei når eg har energi til å ta kampane….Og så prøver eg å akseptera at eg ikkje er ei perfekt mor. Eg trur ikkje det finst noko slikt (sorry mamma). Eg prøver og feilar, eg blir lei, og eg blir irritert. (Eg sa forresten i kveld til sjuåringen at eg var irritert på han - og han berre "Blir du irritert på dine egne barn, mamma? Så frekt!!" Men han sa det med glimt i auget..)  Men noko må eg jo gjera riktig, så gode born eg eigentleg har (er det ikkje det me tenkjer?). Og noko blir eg betre til. Og noko får berre vera greitt nok, om eg heile tida går og tenkjer på det eg ikkje får til, blir eg i alle fall ikkje noko god mor...


Men nokon ting synest eg er viktigare enn andre.  At eg lyttar til borna. At eg ser dei. At eg klemmer dei, uansett kva. At me snakkar både om det som er godt, og det som er vondt. At me undrar oss ilag over kvifor ting er slik eller slik. At eg seier unnskyld viss eg kjenner at eg har behandla dei urettferdig, og forklarar kvifor det skjedde. At dei får sjansen til å seie unnskyld viss dei har gjort noko dei ikkje burde. At me syng ilag, og ber ilag. At eg seier kor glad eg er i dei, før dei sovnar. For når ein tenkjer på det – det er no me lagar augneblunkane som dei skal sitja og mimra om når dei vert gamle. Barndomsminna er ofte dei som sit sterkast og klårast i. Lat det verta flest gode.

tirsdag den 21. marts 2017

Nøstet mitt

eg har eit nøste av gode ord
då eg byrja å nøsta
var det lite

alt for lenge fekk orda gli
mellom fingrane
falla

for ho kan ikkje meina det?
han overdriv vel litt?
vil berre trøysta

eg såg i bakken då orda kom
mumla noko og rista
på hovudet

men ein dag fanga eg eitt
tok vare på det
smilte tilbake

og oppdaga at bakom orda
var trygge auge
som meinte

no samlar eg alle mjukt i hendene
kardar dei og spinn
sterk smiletråd

inntil hjartet ber eg eit stort nøste
vaktar det varsamt
mens det veks

ikkje kom med sladdersaksa
eller det glefsande
bygdedyret

eg hiv kniven som skar gamle mønster
for eg treng dette nøstet
av sjølvtillit

lag deg ditt eige nøste då vel?
du kan få dei fyrste orda
hjå meg


Sidan det er verdas poesidag i dag, hiv eg ut eit gamalt dikt i dag òg. Eg burde kome lenger på nøstet mitt sidan 2011, men synest framleis det er vanskeleg å tru at eg er god nok, og fokuserer for ofte på det eg ikkje får til... Så dette her er vel like mykje til meg sjølv som til andre som måtte trenga det. :)

Eg har forresten tenkt ein del på det i det siste, at eg sjeldan har så tru på at det eg seier til folk er så viktig. Eg svarar ikkje så ofte på snap, eg gløymer å svara på sms-ar og eg tar ikkje så ofte kontakt med folk sånn utan at det er noko spesielt, fordi eg tenkjer at "det er jo berre meg". Men eg veit jo sjølv at eg set pris på når nokon tek kontakt eller pratar med meg - uansett kven det er eller kor lite eller mykje eg kjenner dei. Kvifor trur eg ikkje at det òg kan verka omvendt, at mine ord eller bilete eller mitt "hei, så kjekt å sjå deg!" kan utgjera ein skilnad for nokon? Bør kanskje øva meg meir på dette...  

mandag den 20. marts 2017

Livet ved E16

Eit sting i magen
  ved den fyrste
            nettavisoverskrifta
               Ser nokon triste
                 ord på facebook
                    og uroa veks
                     Det dunkar hardt
                i kroppen når
               bileta dukkar opp
     Fingrane kvitnar
av nervøs kulde
Kven sin bil er det
denne gongen?        
Kven sat inni?             
   Bilen verkar både              
kjend og ukjend                
Ein sms roar ned                   
Ingen kjende                   
        Denne gongen                         
    Men den neste?                 
Og den etterpå?        
Det har skjedd før
For nokon skjedde
    det verste idag   
        Og så lenge denne  
           tungtrafikken går
                 og vegane ikkje blir
                    forbetra, skjer det
                                                             igjen


Eg bur ved ulykkesråka E16, og køyrer dagleg på denne vegen. På dagar med mykje regn, eller dagar med plussgrader etter lange frostperiodar, er eg ganske stressa. I grunn ofte elles òg, men det er løye kva ein venjer seg til. Eg veit det kan skje ulykker, og eg veit det kan gå ras. Eg veit forresten ikkje berre at dette KAN skje, eg veit at det skjer. Spørsmålet er berre kvar det skjer denne gongen. Det har vore ein del dødsulykker på strekninga, og i to av dei har eg kjent den omkomne eller familien. Då ei flott dame i nabolaget døydde i 2011, skreiv eg dikt om ho her.  Det rammar heile lokalsamfunn når slikt skjer, og det rammar familiar som aldri blir dei same igjen, ein vil alltid mangla nokon. Er det nødvendig at dette skal ramma fleire? Bør ein ikkje få i gong arbeid med forbetring av vegen så snart det er mogleg? Eg håpar politikarane sentralt skjøner at dette er noko som må gjerast, jo før jo heller....

Diktet øvst publiserte eg fyrst her.