onsdag den 29. marts 2017

Snill mamma

-Av og til skulle eg ynskja at eg hadde ei mamma som var endå snillare enn deg, seier guten på sju. Eg kjenner det stikk, sjølvsagt, og lurar på kva han meiner. Ei mamma som aldri kjefta, og alltid var blid, og alltid gav han lov til alt han ville. Det er det han meiner. Det må vera ei snill mamma, det!

Tjaaa, seier eg, og drar litt på det. Ei mamma som sa det var heilt greitt at du sprang rundt ute i berre shorts midt på vinteren? Ei mamma som aldri sa nei når du heldt på å gjera noko farleg i trafikken, og sendte deg av garde utan refleks når det var heilt mørkt, berre fordi du ikkje ville ha det? Ei mamma som sa det var heilt greitt at du berre åt snop til frukost og middag og kvelds, i staden for mat som kroppen din treng?  Var det ei slik mamma du ville hatt?

Han ser på meg med store auge, faktisk. Han vil ikkje ha ei mamma som ikkje bryr seg om han blir sjuk, seier han. Han vil jo ha ei mamma som er glad i han! Inni meg jublar eg, wohoo, han skjønte poenget mitt!  Utanpå berre smilar eg og klemmer han.

Oppdraging er vanskelege greier, det er mange feller å gå i, og det er mange som meiner mykje om det, spesielt dei som ikkje har ungar sjølv… Både når det gjeld mat, leggetider og kva som skal aksepterast og ikkje aksepterast. Det er i alle fall semje om at ein må vera konsekvent, og stå for det ein har sagt til bornet!

Problemet er at dette er noko ein er oppi konstant. Hadde det vore ein jobb som ein hoppa inn i og ut av, og kunne ta ferie eller sjukedagar frå, hadde det vore annleis. Men det er stort sett alltid ei eller anna problemstilling, ofte mange, knytta til borna. Nokon et for mykje, andre for lite, nokon har sterke meiningar om kva klede dei skal ha på, og nokon vil ikkje ha på klede i heile tatt... Nokon sovnar på eit blunk, og nokon brukar lenger tid og vil ha foreldra der. Nokon vil aldri dela leikane sine med andre, og nokon godtar at andre born drar leikane ut frå hendene deira utan å gjere ei mine.

Det er i grunn stor skilnad på foreldra òg. Nokon er tålmodige, nokon er rastlause, nokon er trygge på seg sjølv, nokon er usikre og trur at alle andre får til det ein sjølv ikkje klarar, nokon har mykje energi, nokon manglar energi, nokon har eit stort nettverk, nokon kjenner seg ganske åleine. Nokon er pysete og overbeskyttande, nokon likar å gje borna utfordringar. Og kven ein sjølv er i dette landskapet, svingar med dagsform og søvn og andre omstende ein har meir eller mindre påverknad på sjølv.

Men ein prøver så godt ein kan, konsekvent, tydeleg, kjærleg, med mild stemme og positiv vinkling å leika seg utanom kampane. Men så er det stopp. Ein kjenner det boblar inni seg. Så gjev ein beskjed litt for hardt, borna grin, mor får dårleg samvit, mor gjev etter. Evt. klarar ein likevel å stå på sitt, og forsikrar om at ein er glad i dei likevel. 

Eg skal innrømma at eg ikkje tar alle kampar, i alle fall ikkje når eg er trøytt. Då har eg skjønt at det er like greitt å seie ja med ein gong, i staden for eit nei som blir eit ja berre borna protesterer nok. Om eg seier ja med ein gong, kan eg i alle fall stå for det eg har sagt. Så seier eg ekstra mykje nei når eg har energi til å ta kampane….Og så prøver eg å akseptera at eg ikkje er ei perfekt mor. Eg trur ikkje det finst noko slikt (sorry mamma). Eg prøver og feilar, eg blir lei, og eg blir irritert. (Eg sa forresten i kveld til sjuåringen at eg var irritert på han - og han berre "Blir du irritert på dine egne barn, mamma? Så frekt!!" Men han sa det med glimt i auget..)  Men noko må eg jo gjera riktig, så gode born eg eigentleg har (er det ikkje det me tenkjer?). Og noko blir eg betre til. Og noko får berre vera greitt nok, om eg heile tida går og tenkjer på det eg ikkje får til, blir eg i alle fall ikkje noko god mor...


Men nokon ting synest eg er viktigare enn andre.  At eg lyttar til borna. At eg ser dei. At eg klemmer dei, uansett kva. At me snakkar både om det som er godt, og det som er vondt. At me undrar oss ilag over kvifor ting er slik eller slik. At eg seier unnskyld viss eg kjenner at eg har behandla dei urettferdig, og forklarar kvifor det skjedde. At dei får sjansen til å seie unnskyld viss dei har gjort noko dei ikkje burde. At me syng ilag, og ber ilag. At eg seier kor glad eg er i dei, før dei sovnar. For når ein tenkjer på det – det er no me lagar augneblunkane som dei skal sitja og mimra om når dei vert gamle. Barndomsminna er ofte dei som sit sterkast og klårast i. Lat det verta flest gode.

Ingen kommentarer:

Send en kommentar