Eit sting i magen
ved den fyrste
nettavisoverskrifta
Ser nokon triste
ord på facebook
og uroa veks
Det dunkar hardt
i kroppen når
bileta dukkar opp
Fingrane kvitnar
av nervøs kulde
Kven sin bil er det
denne gongen?
Kven sat inni?
Bilen verkar både
kjend og ukjend
Ein sms roar ned
Ingen kjende
Denne gongen
Men den neste?
Og den etterpå?
Det har skjedd før
For nokon skjedde
det verste idag
Og så lenge denne
tungtrafikken går
og vegane ikkje blir
forbetra, skjer det
igjen
Eg bur ved ulykkesråka E16, og køyrer dagleg på denne vegen. På dagar med mykje regn, eller dagar med plussgrader etter lange frostperiodar, er eg ganske stressa. I grunn ofte elles òg, men det er løye kva ein venjer seg til. Eg veit det kan skje ulykker, og eg veit det kan gå ras. Eg veit forresten ikkje berre at dette KAN skje, eg veit at det skjer. Spørsmålet er berre kvar det skjer denne gongen. Det har vore ein del dødsulykker på strekninga, og i to av dei har eg kjent den omkomne eller familien. Då ei flott dame i nabolaget døydde i 2011, skreiv eg dikt om ho her. Det rammar heile lokalsamfunn når slikt skjer, og det rammar familiar som aldri blir dei same igjen, ein vil alltid mangla nokon. Er det nødvendig at dette skal ramma fleire? Bør ein ikkje få i gong arbeid med forbetring av vegen så snart det er mogleg? Eg håpar politikarane sentralt skjøner at dette er noko som må gjerast, jo før jo heller....
Diktet øvst publiserte eg fyrst her.
Ingen kommentarer:
Send en kommentar