Nokre dagar er berre slik. Blæh-dagar. Eg kjenner det ofte
med ein gong eg vaknar, litt for seint (jadå, det går fint an å slumra alarmen på
mobilen utan at ein eigentleg er vaken).. Passe trøtt og mismodig, litt vondt i
skuldrene og muligens ein smule hormonell. Ikkje kjenn etter, ikkje kjenn
etter! Rekk ikkje dusja. Er tom for yndlingspålegget til to av tre, og finn ut
at det einaste brødet eg har, er fullt av korn, som ungane mine tydelegvis har
fobi mot. Nemnde ungar slår seg vrange, vil ikkje eta frukost ( i hvert fall
ikkje SKJEVA, blautt popkorn frå helga derimot…), nektar å ta på seg det eg vil
ha på seg (les: normale, varme klede), og eg GRYLAR fortvilt at no må alle
komma seg ut i gongen på flekken!! Og me blir for seine til skulen IGJEN, etter
ein intens kamp med ho som berre skal i barnehagen, og dermed ikkje bryr seg om
at andre rekk skulen. Kampen endar gjerne med eit kompromiss («Ok, du kan ha
kjolen på deg, men då må du ha varm gensar under og flisbukse utanpå strømpebuksa
når du skal ut»).
Blæh.
Endeleg er alle plassert i seter med belte på (-NEI, EG SKAL
TA BELTET PÅ SJØLV MAMMA – jammen, du får det ikkje t… -JOOOOOOUUUU). Sjølvsagt vil ingen ut av bilen heller, dei LIKAR
IKKJE SKULEN, og minstejenta hyler ut når eg forlet ho i barnehagen at ho «ELSKAR
MAMMO,OG VIL BERRE VERA MED HO HEILE TIDA». Eg klarar å lata vera å seia noko om
at det ikkje er heilt gjensidig akkurat i dag, for eg veit jo inst inne at eg
elskar ho veldig ho òg… Eg berre taklar så dårlig surelydar, og lurar litt på
om eg har gjort slik at ho kjem til å bli eit storforlangande og overpynta menneske
som vaksen, sidan eg ikkje alltid klarar å vera konsekvent slik eg veit eg
burde. Så må eg kanskje fylla bensin, og klarar på vegen bort dit å treffa det
vesle holet i vegen som ser så lite og uskuldig ut der det er fylt med vatn,
men skjular eit djupn av ukjende dimensjonar. Det smell hardt i bilen og eg
håpar at ikkje noko er øydelagt, der eg stiltrar meg bort til kortautomaten.
Kor var det der kortet då. I mobilmappa som nett vart øydelagt slik at mobilen
berre dett ut ja, den ligg sjølvsagt att heime.
Dobbelt-blæh.
Og slik heldt det fram... Eg kjenner at eg ikkje orkar å utbrodera i detaljar ein heil slik dag,
men det høyrer gjerne med litt bil-grining der tårene til slutt dropper frå haka (sjølvsagt brukte eg den siste bensinstasjon-servietten til å tørka
noko halvpris-is i helga, til slutt tørkar eg meg i ei hue som eg finn under
setet), katastrofetankar om alt mogleg som kan gå galt, eller om kva som kan
feila meg som ikkje taklar noko ALLE ANDRE ser ut til å handtera med største ro
og perfeksjon (Sandviken neste), og i verste fall ynskjetenking om at eg
kanskje kan brekka foten litt eller noko slikt, så nokon andre kan ta ansvar
for det eg ikkje vil tenka på at eg òg må gjennom i morgon. På slike dagar
tolkar eg det meste negativt, og det skal lite kritikk til før eg har overbevist
meg sjølv om at eg er eit fullstendig mislykka menneske.
Trippel-blæh.
Men så et eg kveldsmat ilag med dei to minste (tomatsuppe,
fordi det VEIT eg dei likar, nei forresten, det var berre ein som likte det,
oki, yoghurt til ho andre då), og så ser minstejenta på meg, legg hovudet på
skakke og seier «Du e so pen og kul, mamma! Ikkje gløm da!». Og så seier storebroren «Ja, men da viktigaste
e å vera snill inni seg! Da e du òg mamma! Eg e so gla at du e mammo mi!» Og så
har eg visst ikkje øydelagt dei så mykje som eg trudde, og dei er jo faktisk
glade i meg likevel, kanskje eg til og med har gjort noko rett! Og så skrur me på NRK
super på full styrke og har dansekonkurranse, og så pussar me tenner og går inn
i storesenga der me latar som om dei er pokemonar som eg skal fanga, og me har
det supergøy og eg tenkjer DETTE ER DET VIKTIGE. OSS. NO. ILAG. KJÆRLEIK. Heilt
til eg «kastar ein pokeball» på «Raichu» som stupar ned i sengekanten og blir
liggande og hyla, og i staden for at han blir fanga i pokeballen veks det ein
kul på storleik med ein pokeball ut av skallen på han, heilt på ekte….
Jaja. (Ikkje heilt
blæh, og dessutan veit eg ikkje kva det fjerde Blæh-et skulle heitt.
Kvadruppel-Blæh?)
Jaja, så vart det litt blæh på slutten òg. Nokre av desse
blæh-dagane sluttar med at eg legg meg ekstra tidleg slik at dagen skal ta
slutt, nokre sluttar med ein vaksen-krangel (spesielt viss me har ein blæh-dag
begge to), og nokre sluttar med at eg finn ut at ting ikkje er så verst
likevel. Felles for blæh-dagane er at dei går over. Eg kjem meg gjennom dei.
Midt oppi dei ser eg ikkje land, og overdramatiserer det meste. Spesielt viss
eg ikkje snakkar med nokon om det, men berre går og har blæh-tankar oppi
hovudet mitt. Blæh-tankar kan veksa seg ganske store og skumle om dei berre får
leva sitt eige liv inni der. Men når dei får koma ut i ord, er det lettare å
sjå at dei ikkje er tankar eg treng bruka meir energi på. Blæh-tankar må ut og
vekk, og eg må sova. Gjerne eta òg, på blæh-dagar kan eg gløyma både å eta og å
drikka, det er ein del av problemet.
Eg har nok innsett at det er vanskeleg å unngå slike dagar
innimellom. Dei kjem når eg har sove for lite (kanskje nokon var redde om
natta, eller hosta, eller eg måtte sova i ei altfor trong (folksam) seng) , vore for lenge ilag med folk og
blir forsterka av at eg et eller drikk lite. Eg blir bakpå og stressa, og det får konsekvensar som fylgjer meg heile dagen. Eg ser lettare mønstera no, og
prøver å ta konsekvensane med å få nok søvn, åleinetid (ikkje alltid like lett å styra), mat og drikke, og å få dei dumme
tankane ut til nokon, på blæh-dagar. Dagane etter blæh-dagane, kan eg blir
ekstra glad. Dei dumme tankane har ofte fordufta, og eg kjenner meg lettare til
sinns, og set meir pris på det eigentleg ganske så rike og gode livet mitt.
Eg vert takknemleg. Og flau. Fordi eg veit at det finst folk som har blæh-dagar kvar dag. Og det finst folk som saknar noko så inderleg hjarteskjærande akkurat den som slo seg vrang om morgonen, eller den som plukka av paprikaen på grandiosaen og gav den til hunden, eller den som alltid vart smitta når spybya gjekk, eller den som stod i barnehagen og ropte av full grinehals "EG ELSKAAAAR DEG MAMMA" når ein sneik seg vekk med klumpen i halsen.
Eg vert takknemleg. Og flau. Fordi eg veit at det finst folk som har blæh-dagar kvar dag. Og det finst folk som saknar noko så inderleg hjarteskjærande akkurat den som slo seg vrang om morgonen, eller den som plukka av paprikaen på grandiosaen og gav den til hunden, eller den som alltid vart smitta når spybya gjekk, eller den som stod i barnehagen og ropte av full grinehals "EG ELSKAAAAR DEG MAMMA" når ein sneik seg vekk med klumpen i halsen.
Så eg avlyser alle mine blæh-dagar framover. Det er ingen grunn til at dei skal få lov til å overmanna meg fullstendig, eg klarar å sjå ting i perspektiv igjen. Heilt til eg vaknar ein morgon med ei umiskjenneleg trøytt murring i hovudet, av
nokon som spyr bak meg. Og eg må berre innsjå at det ikkje er alt eg kan kontrollera.
Blæh.
Ingen kommentarer:
Send en kommentar